MAT301 Fleirdimensjonal analyse (matematikk 3)
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Emnet inneheld:
- Koordinatsystem: polare-, sylindriske-, og sfæriske koordinatar.
- Kurver i planet og rommet: parameteriserte kurver.
- Flater i rommet: plan og krumme flater.
- Funksjonar av fleire variablar: nivåkurve, nivåflater, Lagranges metode, kurveintegral, flateintegral, trippelintegral.
- Vektoranalyse: gradientvektor, divergens og curl, konservativt vektorfelt, potensialfunksjon, fundamentalsetninga for kurveintegral, Greens setning, Stokes setning og divergenssetninga.
- MatLab: bruke MatLab for å visualisere kurver, flater og vektorfelt.
Læringsutbytte
Ein student som har fullført emnet skal ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan identifisere, forstå og bruke grunnleggande omgrep og metodar frå fleirvariabel matematisk analyse, medrekna multippel integrasjon, kurveintegral, flateintegral og integralsetningane frå vektoranalysen.
Ferdigheiter
Studenten:
- kan velje matematiske metodar og utføre utrekningar innan fleirvariabel analyse
- kan forstå, grunngi og vurdere sine utrekningar
- kan bruke fleirvariabel analyse til å modellere og analysere ingeniørfaglege problem
Generell kompetanse
Studenten:
- har matematisk forståing som er naudsynt for yrkesutøving og vidare fagleg oppdatering
- kan bruke sin matematiske kunnskap, om naudsynt med bruk av matematisk programvare
Krav til forkunnskapar
Ingen krav til forkunnskaper
Tilrådde forkunnskapar
Matematikk 1 og Matematikk 2
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar og rekneøvingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ei obligatorisk innlevering.
Arbeidskravet må vere gjennomført til fastsatt frist og godkjent for at studenten skal få å gå opp til eksamen.
Godkjente øvingar gir også tilgang til eventuell ny eksamen følgande semester.
Ved ny eksamen neste gong faget blir undervist, må nye øvingar leverast.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen 4 timar. Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Lærebok.
Enkel kalkulator. Godkjente kalkulatorar er: Casio fx-82 (Alle typar: ES, ES Plus, EX Solar, etc)
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- INGB3016 - Matematiske metodar III - Reduksjon: 5 studiepoeng
- ING3003 - Matematiske metodar III - Reduksjon: 5 studiepoeng
- MAT150 - Vidaregåande matematikk for kjemi - Reduksjon: 5 studiepoeng
- MAT151 - Vidaregåande matematikk og fysikk for bygg og maskin - Reduksjon: 5 studiepoeng
- MAT152 - Vidaregåande matematikk og fysikk for data og elektro - Reduksjon: 5 studiepoeng
- ING3019 - Fleirvariabel analyse - Reduksjon: 5 studiepoeng
- MA2-301 - Matematikk 3 - Reduksjon: 5 studiepoeng