Hopp til innhald

ME6-501 Forskingsdesign og metode

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet gir innføring i korleis kunnskap blir utvikla gjennom forsking og dannar bakgrunn for arbeidet med masteroppgåva. Emnet omhandlar vitskapsteori, forskingsdesign, samfunnsvitskaplege metodar og utvikling av prosjektskisse. Emnet gir oversyn over sentrale vitskapsteoretiske tilnærmingar og kva forståing desse gir for kunnskapsproduksjon. Emnet fokuserer på å lære studenten å gjennomføre ein litteraturgjennomgang av forsking på felt som er sentrale for masteroppgåva. Emnet gir kunnskap om dei ulike fasane i  ein forskingsprosess og ulike typar forskingsdesign. Det blir lagt vekt på både kvalitative og kvantitative strategiar for å samle inn forskingsdata. Ulike tilnærmingar til analyse av innsamla datamateriale inngår i emnet.

Læringsutbytte

Etter avslutta emne skal studenten ha følgjande læringsutbyte: 

Kunnskap

  • Kunnskap om sentrale tema og tilnærmingsmåtar i vitskapsfilosofien.
  • Eit breitt vitskapsteoretisk og metodisk grunnlag for å studere endringar knytt til organisering, styring, innovasjon og omstilling i utdanningssektoren eller i helse- og velferdssektoren.
  • Inngåande kunnskap om design av forskingsprosjekt og kvalitative og kvantitative metodiske tilnærmingar.
  • Avansert kunnskap om tilhøvet mellom teori, design og metodeval.
  • Særskild godt innsyn i korleis vitskaplege problemstillingar med relevans for leiing og organisering kan analyserast i lys av kontekstuelle faktorar.

 

Ferdigheiter

  • Gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt med kjennskap til dei ulike fasane i forskinga og korleis dette kan presenterast i ei masteroppgåve.
  • Utvikle problemstilling med relevans for å studere eit aktuelt samfunnsfenomen.
  • Utarbeide eit litteraturoversyn med relevans for problemstilling.
  • Vurdere relevansen av ulike teoriar for ei problemstilling.
  • Vere i stand til å gjere greie for ulike forskingsdesign og velje design og relevant metode for eit forskingsprosjekt.
  • Vurdere validitet, reliabilitet og etiske spørsmål i eit prosjekt.
  • Ha ei inngåande forståing av korleis det empiriske datamaterialet kan analyserast i lys av teori og sjåast på i lys av kontekstuelle faktorar og annan forsking på feltet.

 

Generell kompetanse

  • Bruke kunnskapar og ferdigheiter i avansert oppgåveløysing i eigen organisasjon eller sektor.
  • Formidle forsking som er relevant.
  • Kommunisere til omverda og relevante fagmiljø om faglege problemstillinger og om utforminga av prosjekt.
  • Bidra til nytenkning og innovasjon i eigen organisasjon gjennom tileigna kunnskap.

Krav til forkunnskapar

Emnet inngår som ein viktig del av førebuinga til skrivinga av masteroppgåva. Det byggjer på den grunnleggjande forståinga som blir etablert tidligare i programmet, og studentane må ha fullført dei første 67,5 studiepoenga i masterprogrammet før dei byrjar på emnet. 

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, øvingsoppgåver og gjennomgang av døme på forskingsprosjekt. Framlegging og rettleiing av arbeidskrav i grupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

Innhald arbeidskrav nr. 7 

  • A-krav nr. 7a : Tema for masteroppgåve. 
  • A-krav nr. 7b : Litteraturreview med relevans for masteroppgåve.
  • A-krav nr. 7c: Teori med relevans for masteroppgåve.
  • A-krav nr. 7d: Utkast til prosjektskisse.
  • A-krav nr. 7e: Analyseseminar

Vurderingsform

Semesteroppgåve

Oppgåva skal utformast som ei prosjektskisse for masteroppgåva. Prosjektskissa kan leverast som ei individuell oppgåve eller som samskriving av to studentar. Rettleiande omfang: 

  • 6 000 - 7 000 ord ved individuell prosjektskisse. 
  • 8 000 - 9 000 ord ved samskriving av to studentar. 

Endeleg dato for innlevering vert gjort kjend av faglærar.

Bokstavkarakter A-F, der F er "ikkje greidd".

Ved stryk eller gyldig fråvær kan omarbeidd tekst bli levert inn til ny vurdering i det påfølgjande semesteret. Ved ynskje om forbetring av karakteren kan omarbeidd tekst bli levert inn neste gong ordinær eksamen vert arrangert (neste vår). Kandidaten melder seg til vurdering i emnet igjen innanfor dei sette fristane for vurderingsmelding.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel