Hopp til innhald

NOB801N Norsk 1, emne 1 - Norsk i begynnaropplæringa

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Norsk 1, del , 1-7  Begynnaropplæringa er eit vidaregåande kurs for lærarar som vil undervise i norsk på småskulesteget og på mellomsteget.

Studiet er eit ledd i regjeringa si satsing på varig vidareutdanning (Kompetanse for kvalitet). Etter Forskrift til opplæringslova §14-2 må ein lærar ha 30 studiepoeng norsk for å undervise i faget på barnetrinnet.

Norsk 1 er delt i to modular à 15 studiepoeng. Haustsemesteret handlar om 1.-4. steg og vårsemesteret om 5.-7.steg. NOB801N, modul 1 gir eit teoretisk og didaktisk grunnlag for arbeid med den første lese- og skriveopplæringa i klasserommet. Sentrale emne er:

  • Kva er norskfaget?
  • Omgrepet tekst
  • Grunnleggjande lese- og skriveopplæring
  • Biletbøker og barnelitteratur
  • Elevtekstanalyse, med hovudvekt på småskulesteget
  • Språket som system/grammatikk, med vekt på fonetikk/fonologi og morfologi
  • Barns språkutvikling
  • Norsk som andrespråk
  • Kjeldebruk, tekstbehandling, oppgåveskriving

Begge modulane samla gir omfattande kompetanse til norskundervisning på barne- og mellomsteget.

Læringsutbytte

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om korleis barn utviklar språk og omgrep, munnleg og skriftleg
  • har kunnskap om lese- og skriveteoriar og om ulike teoriar innan lese- og skriveopplæring, med særleg vekt på begynnaropplæringa
  • har brei kunnskap om språket som system og språket i bruk
  • har omfattande tekst- og sjangerkunnskapar om munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, både skjønnlitterære og sakprega, på nynorsk og bokmål, med vekt på teksttypar som er særleg relevante for 1. -4. steget.
  • har kunnskapar om nyare litteratur for barn i ulike sjangrar og medium, på nynorsk og bokmål
  • har kunnskapar om relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv
  • har kunnskap om korleis ein kan tilpasse opplæringa til elevane sine føresetnader
  • har kunnskapar om vurdering av læremiddel
  • har kunnskapar om den gjeldande planen for norskfaget i skulen

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn frå 1. til 7. trinn og grunngi faglege val
  • kan vurdere og bruke ulike undervisningsmetodar i lese- og skriveopplæringa og skriftforming frå 1. til 7. trinn, både for elevar med norsk som førstespråk og andrespråk, og for elevar som skriv på bokmål og elevar som skriv på nynorsk
  • kan leggje til rette for at elevane kan skrive i ulike sjangrar og medium
  • kan bruke språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse av, respons på og vurdering av munnlege og skriftlege elevtekstar for å fremje læring
  • kan leggje til rette for og stimulere elevar til variert munnleg bruk av språket
  • kan bruke ulike former for vurdering som ein reiskap for elevane sin læringsprosess
  • kan leggje til rette for at elevar les ulike typar tekstar i tradisjonelle og moderne medium, utviklar leselyst og gode lesestrategiar og blir stimulerte til vidare lesing
  • kan reflektere over kvalitet i tekstar og bruksområde og leggje til rette for, gjennomføre og vurdere samtaler om litteratur
  • kan analysere og tolke ulike typar tekstar og formidle litteratur på varierte måtar
  • kan vurdere ulike typar norskfaglege læremiddel ut frå ulike kriterium og ut frå læringsutbytet til elevane
  • kan ta i bruk ulike digitale verktøy i norskopplæringa og skape og vurdere multimodale tekstar

 

Generell kompetanse

Studenten

  • kan vurdere eigen praksis med gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt som grunnlag
  • er ein sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk
  • kan planleggje, gjennomføre og reflektere over norskundervisning i sentrale emne og gjera greie for elev- og stegtilpassa fagdidaktiske val
  • kan arbeide sjølvstendig, og saman med andre, med elevars læring og utvikling i faget og på tvers av fag
  • kan bruke kunnskap om språk og tekst i fagleg arbeid med respons på og vurdering av skriftlege, munnlege og multimodale elevtekstar
  • kan bruke kunnskap om språk og tekst i fagleg arbeid med respons på og vurdering av skriftlege, munnlege og multimodale elevtekstar
  • kan arbeide med språk og tekst i fleirspråklege og fleirkulturelle klassemiljø
  • kan leggje til rette for at arbeidet med språk og litteratur kan styrke identiteten til elevane og oppmode dei til aktiv deltaking i det offentlege liv
  • kan skrive akademisk

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

I starten av semesteret vert studentane delt inn i arbeidsgrupper som arbeider saman gjennom både haust- og vårsemesteret. Dette kurset er eit reint nettbasert kurs, og det fordrar at studentane sjølve aktivt brukar digitale samhandlingsformer for å løyse oppgåvene dei får og til å halde kontakt med arbeidsgruppa si. Kurset nyttar videoverktøy, læringsplattforma Canvas og andre digitale samhandlingsverktøy i den daglege organiseringa og gjennomføringa av kurset, noko som aukar studentane sin digitale kompetanse

Gjennom undervisinga i emnet skal studentane vere både mottakarar, aktive deltakarar, meiningsfellar/dialogpartnarar og rettleiarar for medstudentar. Dei skal òg prøve ut undervising i eigne klasserom. Det er difor lagt opp til varierte arbeidsformer. Arbeidsformene kan vere forelesingar, rettleiingar, studentframlegg, diskusjonar i videoverktøy eller på ei digital læringsplattform, utveksling av røynsler og arbeid i større og mindre grupper.

Studiet stiller krav til den enkelte student om sjølvstendig arbeid og aktiv tilnærming til problemstillingar, i tillegg til at ein aktivt søkjer kunnskapsutvikling og samarbeider med andre studentar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det er tre læringsaktivitetar i emnet:

Tre oppgåver studentane skal løyse gjennom semesteret, og desse både individuelle og gruppearbeid. Læringsaktivitetane skal ha utgangspunkt i utvikling av eigen praksis, og minst eitt av desse skal handle om pedagogisk bruk av IKT i lese- og skriveopplæringa. Kollegarespons står sentralt.

Vurderingsform

7-dagars heimeeksamen. Eksamen vil ha 2 oppgåver, der den eine skal skrivast på bokmål og den andre på nynorsk. Begge tel 50% og begge må vere bestått for å få godkjent eksamen.

Bokstavkarakter A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel