NOB801N Norsk 1, emne 1 - Norsk i begynnaropplæringa
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Norsk 1, 1.-7. steg er eit vidaregåande kurs for lærarar som vil undervise i norsk på småskulesteget og på mellomsteget.
Studiet er eit ledd i regjeringa si satsing på varig vidareutdanning (Kompetanse for kvalitet). Etter Forskrift til opplæringslova §14-2 må ein lærar ha 30 studiepoeng norsk for å undervise i faget på barnetrinnet.
Norsk 1 er delt i to emne à 15 studiepoeng. Haustsemesteret handlar om 1.-4. steg og vårsemesteret om 5.-7.steg. NOB801N gir eit teoretisk og didaktisk grunnlag for arbeid med den første lese- og skriveopplæringa i klasserommet. Sentrale tema er:
- Kva er norskfaget?
- Omgrepet tekst
- Grunnleggjande lese- og skriveopplæring
- Biletbøker og barnelitteratur
- Elevtekstanalyse, med hovudvekt på småskulesteget
- Språket som system/grammatikk, med vekt på fonetikk/fonologi og morfologi
- Barns språkutvikling
- Norsk som andrespråk
- Kjeldebruk, tekstbehandling, oppgåveskriving
Begge emna samla gir omfattande kompetanse til norskundervisning på barne- og mellomsteget.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om korleis barn utviklar språk og omgrep, munnleg og skriftleg
- har kunnskap om lese- og skriveteoriar og om ulike teoriar innan lese- og skriveopplæring, med særleg vekt på begynnaropplæringa
- har brei kunnskap om språket som system og språket i bruk
- har omfattande tekst- og sjangerkunnskapar om munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, både skjønnlitterære og sakprega, på nynorsk og bokmål, med vekt på teksttypar som er særleg relevante for 1.-4. steget.
- har kunnskapar om nyare litteratur for barn i ulike sjangrar og medium, på nynorsk og bokmål
- har kunnskapar om relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv
- har kunnskap om korleis ein kan tilpasse opplæringa til elevane sine føresetnader
- har kunnskapar om vurdering av læremiddel
- har kunnskapar om den gjeldande planen for norskfaget i skulen
Ferdigheiter
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn frå 1.-7. steg og grunngi faglege val
- kan vurdere og bruke ulike undervisningsmetodar i lese- og skriveopplæringa og skriftforming frå 1.-7. steg, både for elevar med norsk som førstespråk og andrespråk, og for elevar som skriv på bokmål og elevar som skriv på nynorsk
- kan leggje til rette for at elevane kan skrive i ulike sjangrar og medium
- kan bruke språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse av, respons på og vurdering av munnlege og skriftlege elevtekstar for å fremje læring
- kan leggje til rette for og stimulere elevar til variert munnleg bruk av språket
- kan bruke ulike former for vurdering som ein reiskap for elevane sin læringsprosess
- kan leggje til rette for at elevar les ulike typar tekstar i tradisjonelle og moderne medium, utviklar leselyst og gode lesestrategiar og blir stimulerte til vidare lesing
- kan reflektere over kvalitet i tekstar og bruksområde og leggje til rette for, gjennomføre og vurdere samtaler om litteratur
- kan analysere og tolke ulike typar tekstar og formidle litteratur på varierte måtar
- kan vurdere ulike typar norskfaglege læremiddel ut frå ulike kriterium og ut frå læringsutbytet til elevane
- kan ta i bruk ulike digitale verktøy i norskopplæringa og skape og vurdere multimodale tekstar
Generell kompetanse
Studenten
- kan vurdere eigen praksis med gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt som grunnlag
- er ein sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk
- kan planleggje, gjennomføre og reflektere over norskundervisning i sentrale emne og gjera greie for elev- og stegtilpassa fagdidaktiske val
- kan arbeide sjølvstendig, og saman med andre, med elevars læring og utvikling i faget og på tvers av fag
- kan bruke kunnskap om språk og tekst i fagleg arbeid med respons på og vurdering av skriftlege, munnlege og multimodale elevtekstar
- kan bruke kunnskap om språk og tekst i fagleg arbeid med respons på og vurdering av skriftlege, munnlege og multimodale elevtekstar
- kan arbeide med språk og tekst i fleirspråklege og fleirkulturelle klassemiljø
- kan leggje til rette for at arbeidet med språk og litteratur kan styrke identiteten til elevane og oppmode dei til aktiv deltaking i det offentlege liv
- kan skrive akademisk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
I starten av semesteret vert studentane delt inn i arbeidsgrupper som arbeider saman gjennom både haust- og vårsemesteret. Dette kurset er eit reint nettbasert kurs, og det fordrar at studentane sjølve aktivt brukar digitale samhandlingsformer for å løyse oppgåvene dei får og til å halde kontakt med arbeidsgruppa si. Kurset nyttar videoverktøy, læringsplattforma Canvas og andre digitale samhandlingsverktøy i den daglege organiseringa og gjennomføringa av kurset, noko som aukar studentane sin digitale kompetanse
Gjennom undervisinga i emnet skal studentane vere både mottakarar, aktive deltakarar, meiningsfellar/dialogpartnarar og rettleiarar for medstudentar. Dei skal òg prøve ut undervising i eigne klasserom. Det er difor lagt opp til varierte arbeidsformer. Arbeidsformene kan vere forelesingar, rettleiingar, studentframlegg, diskusjonar i videoverktøy eller på ei digital læringsplattform, utveksling av røynsler og arbeid i større og mindre grupper.
Studiet stiller krav til den enkelte student om sjølvstendig arbeid og aktiv tilnærming til problemstillingar, i tillegg til at ein aktivt søkjer kunnskapsutvikling og samarbeider med andre studentar.
Førelesingstida vil vere to klokketimar, men studentane må setje av 3 klokketimar til kvar undervisingsøkt, då det i regelen vert lagt opp til felles diskusjonar og arbeid i time 3.
Obligatorisk læringsaktivitet
Det er tre obligatoriske læringsaktivitetar i emnet, både individuelle og gruppearbeid:
- Akademisk tekst. Respons. Gruppeinnlevering
- Fagtekst. Individuell innlevering
- Video, munnleg arbeid. Gruppeinnlevering
Både nynorsk og bokmål skal nyttast.
Dei obligatoriske læringsaktvitetane må vere godkjende til fastsette fristar for at studenten skal ha rett til å gå opp til eksamen. Aktivitetane er gyldige i tre semester etter godkjenning.
Vurderingsform
Heimeeksamen, 7 dagar. Eksamen vil ha 2 oppgåver, der den eine skal skrivast på bokmål og den andre på nynorsk. Begge tel 50% og begge må vere bestått for å få karakter i emnet.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatt.
Meir om hjelpemiddel