PPUA308 Praksis 2
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Studenten skal i dette praksisemnet vidareutvikle ein fagleg-, didaktisk-, sosial-, endrings-, utviklings- og yrkesetisk kompetanse. I tillegg er det viktig at studentane utviklar ein sjølvstendig identitet i lærerrolla og kompetanse for læringsleiing.
Hovudtema i det første praksisemnet vidareførast, men i tillegg vil den praktiske sida ved det å jobbe i skulen som organisasjon vere viktig. Det skal vere tett kopling mellom det studenten møter i pedagogikk og fagdidaktikk på studiestaden og det dei opplever i praksis.
Praksisopplæringa skal være rettleia, vurdert og variert og har et omfang på 30 arbeidsdagar. Studentane skal gjennomføre ein samanhengande praksisperiode i siste semester med særleg fokus på sjølvstendig opplæringsansvar.
Studentane skal i praksisen sin gjennomføre observasjonar, og ha eit sjølvstendig ansvar for planlegging og gjennomføring av undervisninga. Dei skal og delta i møte- og samarbeidstid samt i faglig utviklingsarbeid ved skulen.
Studenten har ansvar for å dokumentere innhaldet i praksisopplæringa.
Studenten, praksislærar og profesjonsrettleiar skal ha fleire møtepunkt i løpet av studenten sin praksis. Møta kan gå føre seg som nettmøter, praksisrettleiing på praksisstaden m.m.
Læringsutbytte
Alle læringsutbytta frå rammeplanen og dei nasjonale retningslinene vert handsama i emnet, men det vert lagt særs vekt på desse:
Ferdigheiter
Studenten:
- kan samhandle med elever, føresette, kollegaer og andre interne og eksterne aktørar
- kan ta ansvar for å utvikle og leie inkluderende, kreative, trygge og helsefremmande læringsmiljø
- kan bidra til endringsprosessar og samarbeid om fagleg og pedagogisk nytenkning i skulen og involvere lokalt samfunns-, arbeids- og kulturliv i opplæringa
Krav til forkunnskapar
PPUA307
PPUA305
Undervisnings- og læringsformer
Studenten skal gjennomføre observasjonar, ha ansvar for planlegging og gjennomføring av undervisning og vurdering i samarbeid med praksisrettleiar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen
Vurderingsform
Praksis, 30 dagar.
Karakterskala: Bestått/ikkje bestått.