Hopp til innhald

PPUY305 Leiing av læreprosessar - leiing av lærings- og utviklingsarbeid i eit individ- og gruppeperspektiv

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet tar utgangspunkt i yrkesfaglæraren sine kjerneoppgåver som klasseleiing, planlegging, gjennomføring og vurdering for, og av læring. Emnet skal bidra til at studentane tilegnar seg ei forståing av lærarrollen og yrkesfaglæraren sine oppgåver. Studiet tematiserer elevar si heilskaplege læring og utvikling av danning, ferdigheiter og kunnskapar. Emnet skal legge til rette for at studentane kan utvikle seg til autonome yrkesfaglærarar, som gjennom samhandling med kollegaer kan delta i profesjonsfellesskapet. Emnet skal bidra til at yrkesfaglæraren kan legge til rette for elevane si deltaking på alle områder innanfor utdanning, arbeids og samfunnsliv.  

Det vert lagt vekt på heilskap og samanheng i studiet gjennom integrering av fag, pedagogisk grunnsyn, pedagogikk, yrkesdidaktikk og praksis. Eit viktig element i gjennomføringa av emnet er å utvikla ei (ut)forskande tilnærming til læring.  

Læringsutbytte

Alle læringsutbyta frå rammeplanen vert handsama i emnet. 

Kunnskapar

Studenten

  • har brei kunnskap om fag- og yrkesopplæring, pedagogikk og yrkesdidaktikk, arbeidsmetodar/verktøy og prosessar som er relevante for profesjons- og yrkesutøvinga, og kan vurdere behov for HMS-tiltak
  • har kunnskap om skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og det heilskaplege opplæringsløpet frå ungdomstrinnet til avslutta fag- eller yrkesopplæring (8.-13. trinn)
  •  har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjonar, herunder kunnskap om vald og seksuelle overgrep mot barn og unge, om deira rettar i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv, og om korleis sette i gang nødvendige tiltak etter gjeldande lovverk

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte sine yrkesfaglege, pedagogiske, yrkesdidaktiske og teknologiske kunnskapar
  • kan identifisere og arbeide systematisk med grunnleggjande ferdigheiter
  • kan vurdere og dokumentere elevar si læring og utvikling, gi læringsfokuserte tilbakemeldingar og bidra til at elevane/lærlingane kan reflektera over eiga læring
  • beherskar relevante arbeidsprosessar, verktøy, teknikkar og uttrykksformer, og kan reflektere over eiga yrkesutøving og justere denne under rettleiing
  • kan identifisera særskilde behov hjå barn og unge, inkludert identifisera teikn på vald eller seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglege vurderingar skal studenten kunne etablere samarbeid med aktuelle tverrfaglege og tverretatlege samarbeidspartnarar til det beste for barnet

Generell kompetanse

Studenten 

  • har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar og kan formidle sentralt fagstoff på norsk både skriftleg, munnleg og gjennom andre dokumentasjonsformer
  • kan via fagleg innsikt, engasjement og formidlingsevne motivere for elevane/lærlingane si læring, yrkesstoltheit og yrkesidentitet
  • kan bygge gode relasjonar til elevar/lærlingar og skape konstruktive og inkluderande læringsmiljø

I tillegg legg PPUY ved HVL vekt på følgjande utbytebeskrivingar

  • Studenten kan gi faglege, grunngjevne og konstruktive medstudent/fagfellevurderingar
  • Studenten kan bruke relevante verktøy i ei utforskande tilnærming til utvikling av eigen praksis
  • Studenten kan planleggje, grunngi, gjennomføre, leie, vurdere og dokumentere relevant fag- og yrkesopplæring tilpassa behova til elevane og lærlingane
  • Studenten kan sjå yrkesopplæringa og yrkesutøvinga i eit historisk, kulturelt, notidig og framtidsperspektiv
  • har brei kunnskap om ungdomskultur og ungdom si utvikling og læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekstar 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studiet legg til rette for at studentane sine erfaringar frå skule og arbeidsliv skal danne eit viktig grunnlag i læringsprosessane. Erfaringa til den einskilde vert sett på som ein ressurs i læringsfellesskapet. Undervisnings- og læringsformer er mellom anna førelesingar, gruppearbeid, praksisobservasjonar, problembasert arbeid, prosjektarbeid, erfaringsdeling, prosessorientert oppgåveskriving og rettleiing. Undervisninga vert organiser og støtta av digitale verktøy. 

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane skal gjennomføra og bestå fem obligatoriske læringsaktivitetar i emne.

  • Læringsaktivitet 1 er individuelt og har tema Observasjon som metode. 
  • Læringsaktivitet 2 er individuelt og har tema vurdering for læring. Medstudentvurdering. 
  • Læringsaktivitet 3 er individuelt og har tema lærarrolla og pedagogisk grunnsyn. Medstudentvurdering 
  • Læringsaktivitet 4 har tema yrkesrelevant opplæring. 
  • Læringsaktivitet 5 er obligatorisk oppmøte på samlingar 

Alle dei obligatoriske læringsaktivitetane må vera godkjent for å kunne ta eksamen i emnet. Dei obligatoriske læringsaktivitetane vert presiserte nærare frå studiestaden.  

Vurderingsform

Munnleg eksamen.

  • Del 1. Presentasjon i gruppe: Kandidaten presenterer valt problemstilling og klargjer med hjelp av relevant teori, styringsdokument og praksiserfaringar. 
  • Del 2. Drøfting i plenum: Kandidaten deltar i samtale og refleksjon omkring presentasjonen i lag med medstudentar, faglærar og eventuelt yrkesdidaktikar. 
  • Del 3. Reflektera og stille utdjupande spørsmål til andre kandidatar. Kvar kandidat vil få tildelt medstudentar som hen skal vera med å stille utdjupande spørsmål til.  

 

Del 1 og del 2 varar i cirka 30 minutt.

Karakterskala: Bestått/ikkje bestått. 

Alle delane må vere bestått for å få karakter i emnet. 

Ny/utsett eksamen: Munnleg eksamen. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel