SA6-405 Leiing av forbetringsarbeid i grunneiningar
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
I dette emnet er hovudfokus planlegging, drift og utvikling av arbeidseiningar i helse- og velferdssektoren. Med utgangspunkt i systemiske og læringsteoretiske perspektiv går emnet inn på konkrete utfordringar studentane kan møte som leiarar. Sentralt står leiar si tilrettelegging for kollektiv problemløysing og kollektivt utviklings- og forbetringsarbeid.
Læringsutbytte
Kunnskap
- Med bakgrunn i sentrale teoriar, modellar og forskingsbasert kunnskap om kvalitetsforbetring skal studenten ha inngåande kunnskap om:
- Teori om læring og kunnskapsutvikling på individ-, gruppe- og organisasjonsplan
- Førekomst og konsekvensar av kvalitetssvikt
- Korleis samfunnet si utvikling, rammevilkår, fagleg utvikling og tilhøve ved tenesta påverkar kvaliteten
- System, metode og verktøy for forbetring av kvalitet
Ferdigheiter:
- Med bakgrunn i sentrale teoriar, modellar og forskingsbasert kunnskap om kvalitetsforbetring skal studenten:
- Kunne bruke teori for å analysere eit kvalitetsforbetringsarbeid
- Kunne bruke relevant kunnskap og avanserte analyseverktøy for å avdekke og forstå kvalitetsproblem i tenesta
- Kunne bruke relevant kunnskap og innøvde ferdigheiter til å planleggje, utføre og evaluere eit forbetringsarbeid
Generell kompetanse
- Kunne bidra til og setje i gang systematisk kvalitetsforbetring i tenesta ved hjelp av tileigna kunnskap og ferdigheter.
- Kunne vidareformidle kunnskapar og ferdigheiter om forbetringsarbeid i eigen organisasjon.
Krav til forkunnskapar
Sjå generelle opptakskrav i studieplanen.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og gruppearbeid med case.
Individuell rettleiing i utarbeiding av tekst som handlar om utviklingsprosessar på eigen arbeidsplass.
Obligatorisk læringsaktivitet
Arbeidskrav 2 i studieplanen: Tre korte læringsnotat (800 - 1200 ord for kvart notat) utarbeidde mellom samlingane.
Vurderingsform
Semesteroppgåve
Individuelt utarbeidd tekst (ca. 4000 ord) som handlar om forbetringsarbeid på eigen arbeidsplass.
Nærare informasjon om oppgåva vert gitt på samlingane.
Innlevering innan dato som vert gjort kjend av faglærar. Vurdering ut frå gitte kriterium for oppgåva.
Bokstavkarakter A - F der F er "ikkje greidd".
Ved stryk eller gyldig fråvær kan omarbeidd tekst bli levert inn til ny vurdering i det påfølgjande semesteret. Ved ynskje om forbetring av karakteren kan omarbeidd tekst bli levert inn neste gong ordinær eksamen vert arrangert (neste vår). Kandidaten melder seg då til vurdering i emnet igjen innanfor dei sette fristane for vurderingsmelding.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatne.
Meir om hjelpemiddel