Hopp til innhald

SA612 Globalhistorie

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet gir et globalt perspektiv på historia. Det fokuserer særleg på dei store globaliseringsbølgene, men også på å forklare krefter og tendensar som har virka i motsett retning. Det globale fangar opp politisk, militær, økologisk, ideologisk, kulturell, religiøs, teknologisk og økonomisk utveksling og nettverksbygging.

Emnet legg særleg vekt på å utforske utvalde trekk ved historia til ikkje-vestlege land. Kunnskapen om ulike riker og regionar brukes både til å utvikle komparative perspektiv og å forstå skiftande relasjonar mellom verdsdelane.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten...

  • har brei kunnskap om globalhistoria
  • kan greie ut om kjenneteikn ved dei store globaliseringsbølgene
  • har nok historisk kunnskap om ulike deler av verda til å kunne gjere meiningsfylte samanlikningar

Ferdigheiter

Studenten kan…

  • sjå samanheng mellom historiske utviklingstrekk og hendingar i notida
  • orientere seg i forskingsfronten, forstå historisk forskingsdebatt og reflektere kring vitskaplege grunnlagsproblem
  • bruke digitale verktøy til å hente kunnskap frå ulike medium og vurdere han kjeldekritisk i eigne framstillingar

Generell kompetanse

Studenten kan…

  • skrive ein tekst om eit historiefagleg tema etter definerte vitskaplege kriterium og basert på dei nyaste fagteoriane og problemstillingane
  • handsame og vurdere større informasjonsmengder med eit fagleg blikk
  • ha innsikt i dei analytiske, fortolkande og kreative prosessane som ligg bak skapinga av ny historisk kunnskap

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Første år av bachelorstudium i historie eller årsstudium i historie

Undervisnings- og læringsformer

Campusstudentar: Sjølvstudium, førelesingar, gruppearbeid, digitale læringsressursar som videoopptak/podcast øvingsoppgåver, munnlege presenatajonar og skriftlege innleveringar som blir kommenterte av faglærar og medstudentar, studentstyrte kollokviegrupper.

Nettstudentar: Sjølvstudium, førelesingar og gruppearbeid ved hjelp av nettkonferanseverktøy og diskusjonsforum, digitale læringsressursar som videoopptak/podcast, øvingsoppgåver, munnlege presentasjonar og skriftlege innleveringar som blir kommenterte av faglærar og medstudentar, studentstyrte kollokviegrupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ei individuell oppgåve etter oppgitt tema: munnleg presentasjon med tilbakemelding frå faglærar, og deretter skriftleg innlevering. 

Arbeidskrav må blir vurderte til "godkjent" for å kunne gå opp til eksamen. Ved "ikkje godkjent" vil ein få ein ny sjanse. 

Vurderingsform

Munnleg eksamen.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel