SO103 Klassiske sosiologiske perspektiv
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Emnet skal formidle ei forståing av sosiologiske perspektiv frå klassiske teoritradisjonar. Studentane får ei innføring i tradisjonell makro-sosiologi med vekt på relasjonane mellom sentrale sosiale institusjonar, so vel som meir mikro-sosiologiske tilnærmingar. Det moderne industrisamfunnet med si teknologiske utvikling og framveksten av kapitalistisk økonomi, dannar det tematiske bakteppet for dei klassiske teoribidraga i emnet. Moderne samfunnsfenomen slik som urbanisering, aukande arbeidsdeling, framandgjering, rasjonalisering, byråkratisk utvikling, og nye former for samhald og samfunnsorganisering vil bli belyst i emnet.
Studentane får og ei innføring i sosiologien si historie, grunnproblem, arbeidsmåtar og samfunnsmessige funksjon.
Læringsutbytte
Etter avslutta emne:
Kunnskapar
- har studenten brei kunnskap om klassisk sosiologisk historie, teoritradisjonar og eigenart mellom andre human- og samfunnsvitskapar
- kjenner studenten til grunnleggjande sosiologiske omgrep
- har studenten kunnskap om førekomsten av sosiale mønster, prosessar og meiningsdanning
Ferdigheiter
- Kan kandidaten finne, vurdere og vise til fundamentale sosiologiske teoritradisjonar og perspektiv i akademisk arbeid
- kan studenten reflektere over samfunnsprosessar frå ein sosiologisk ståstad
- kan studenten vurdere og justere eigne faglege arbeid i møte med ny kunnskap og nye faglege tilnærmingar
Generell kompetanse
- kan studenten formidle sentralt fagstoff og utveksle synspunkt i diskusjon om grunnleggande sosiologiske omgrep og teoritradisjonar
- har studenten innsikt i den allmenne samfunnsdebatten og kan utveksle erfaringar i denne med utgangspunkt i klassisk sosiologisk kunnskap
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, sjølvstudium, seminar med gruppearbeid og presentasjonar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Deltaking på arbeidsseminar med bidrag til gruppevis oppgåveløysing og presentasjon.
Vurderingsform
4 timar skriftleg skuleeksamen, Bokstavkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen.
Meir om hjelpemiddel