Hopp til innhald

SYKB300 Sjukepleie ved komplekse og samansette pasienttilstandar og sjukdomsbilete i kommunehelsetenesta

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Innhald i emnet omfattar sjukepleie til pasientar med komplekse og samansette pasienttilstandar og sjukdomsbilete i kommunehelsetenesta.  Emnet dannar eit teoretisk grunnlag for kunnskap og forståing om helseutfordringar og behandlingsforløp med fokus på sjukepleiaren sin helsefremmande, førebyggande, behandlande, rehabiliterande og lindrande funksjon.

Emne dekker i tillegg følgande tema:  

  • Når funksjonsnedsetting pregar liv og helse
  • Pasientforløp (behandlingsforløp)
  • Metodar for brukarmedverknad
  • Teknologi og helse
  • Rus og avhengighet
  • Omsorgssvikt, vald og overgrep  
  • Sosioøkonomiske problem
  • Gjeldande lovverk og relevante offentlege dokument
  • Tverrfagleg, tverrprofesjonelt og tverrsektoriell samhandling

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskap:
Studenten…

  • har brei kunnskap om aldringsprosessen og eldre sine særeigne behov
  • har brei kunnskap om sjukepleie ved komplekse og samansette pasienttilstandar og sjukdomsbilete
  • har kunnskap om rus- og avhengigheit
  • har kunnskap om metodar for brukarmedverknad på individ- og systemnivå
  • har kunnskap om kvalitet og pasienttryggleik innanfor helsetenesta
  • har kunnskap om risikofaktorar i helsetenesta og prinsipp og tiltak for å redusere pasientskader
  • har kunnskap om teknologi og digitale løysingar

Ferdigheiter:
Studenten…

  • Kan nytte fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid i teoretiske problemstillingar, og kan grunngje val i tråd med kunnskapsbasert praksis

Generell kompetanse:
Studenten…

  • har innsikt i sosiale og helsemessige problem inkludert omsorgssvikt, vald, overgrep, rus og sosioøkonomiske problem, og kan identifisere og følge opp menneske med slike utfordringar, samt kunne sette inn nødvendige tiltak og/eller behandling, eller vise vidare

Krav til forkunnskapar

SYK100, SYK130, SYK120P, SYK140, SYK200, SYK220P, SYK230P

Tilrådde forkunnskapar

SYK110

Undervisnings- og læringsformer

  • Førelesingar
  • Arbeid i grupper
  • Multimodale ressursar
  • Formidling frå studentar
  • Ferdigheitstrening
  • Simulering
  • Rettleiing
  • Medstudentrespons
  • Oppgåveløysing
  • Sjølvstudium

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent før kandidaten kan framstille seg til eksamen:

1: Deltaking i studiegruppe med medstudentrespons og rettleiing. Tema: Teknologi, helse og brukarmedverknad.

2: Deltaking i studiegruppe med medstudentrespons og rettleiing. Tema: Vald, rus og avhengigheit.

Arbeidskrava er gyldig i fire semester.

Vurderingsform

Individuell skriftleg heimeeksamen, 3 dagar. Lengde 3000 ord +/- 10%.
Tid og stad for innlevering av eksamen blir gitt på Studentweb.

Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er bestått karakter og F er ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel