SYKF220P Praksisstudie, Medisinsk sjukepleie ved akutt, kronisk og kritisk sjukdom
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Emnet er eit rettleia praksisstudie med fokus på utøving av personsentrert sjukepleie til menneske med akutt, kronisk og kritisk sjukdom innanfor medisin. Studenten nyttar sjukepleieprosessen i si utøving av sjukepleie med særskilt fokus på behandling, rehabilitering og lindring i samhandling med pasient, pårørande og anna helsepersonell.
Emnet kan innehalde pediatri, svangerskap og barselsomsorg.
Emnet dekker i tillegg følgande tema:
- Sjukepleieprosedyrar knytt til akutt, kritisk og kronisk sjukdom
- Dokumentasjon og journalsystem
- Legemiddelhandtering og -rekning
Kvart av emna SYK220P og SYK230P har eit arbeidsomfang på 405 timar, totalt for begge emna 810 timer. Totalt i emna skal studentane ha 540 timar direkte pasientretta arbeid.
Det er krav om 90% frammøte i emnet.
Læringsutbytte
Ein student som har fullført emnet skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Kunnskapar
Studenten…
- har kunnskap om teknologi og digitale løysingar i helsetenesta
- har kunnskap om informasjonstryggleik knytt til utøving av sjukepleie
Ferdigheiter
Studenten…
- kan nytte fagleg kunnskap om helse og sjukdom til menneske med akutt, kronisk og kritisk sjukdom for å systematisk observere, vurdere, avgjere, sette i verk og dokumentere hensiktsmessige sjukepleietiltak, samt evaluere effekten av desse og justere ved behov
- kan nytte kunnskap for å sette i verk tiltak ved subakutte og akutte hendingar, samt utøve hjarte og lungeredning
- kan nytte kunnskap om barn og unge sine behov for behandling og/eller tenester, og kan sikre deira medverknad og rettar både som pasient og som pårørande
- kan nytte relasjons- og kommunikasjonskompetanse i møte med pasientar og pårørande
- kan nytte teknologi og digitale løysningar for å understøtte pasientar og pårørande sine ressursar, meistring og medverknad
- kan reflektere over faglege, etiske og juridiske problemstillingar, i tråd med gjeldande lover og retningslinjer, samt justerer eigen praksis i si tenesteutøving
- kan reflektere over etiske og juridiske problemstillingar ved bruk av teknologi og digitale løysingar
- kan identifisere og vurdere risikofaktorar knytt til individ og system, samt dokumenterer og systematisk følge opp dette
- kan beherske kartleggings-, vurderings- og dokumentasjonsverktøy i utøving av sjukepleie
- kan beherske relevant medisinsk teknisk utstyr
- kan beherske smitteverntiltak for å hindre spreiing av uønskte mikrobar
- kan delta i målretta samarbeidsprosessar med pasientar, pårørande og anna helsepersonell
Generell kompetanse
Studenten…
- kan leie eige, og andres arbeid og prioritere sjukepleieoppgåver
- har innsikt i kvalitetsindikatorar og standard terminologi i dokumentasjon av sjukepleie
- kan planlegge og gjennomføre sjukepleie til akutt, kronisk og kritisk sjuke, og gjennomføre sjukepleie til menneske i palliativ fase
- kan planlegge og gjennomføre forsvarleg legemiddelhandtering og -rekning, og kvalitetssikrar den enkelte pasient sin legemiddelbruk
- kan planlegge og gjennomføre kommunikasjon og samhandling med pasientar og pårørande basert på respekt, medbestemming og integritet
- kan planlegge og gjennomføre sjølvstendige vurderingar av sjukepleiebehov til menneske med urfolks- og minoritetsbakgrunn
- kan delta i planlegging og gjennomføring av tiltak som sikrar trygg overføring av pasientar mellom ulike einingar og nivå i helsetenesta
- kan formidle fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid i teoretiske og praktiske problemstillingar både skriftleg og munnleg, og kan grunngje val i tråd med kunnskapsbasert praksis
- kan formidle synspunkt og dele erfaringar med andre innanfor fagområdet både skriftleg og munnleg, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
Krav til forkunnskapar
SYK100, SYK130, SYK140, SYK120P
Når dette er andre praksisperiode i 2.studieår er det krav om at SYK230P eller SYK330P er bestått. Når dette er tredje praksisperiode i 2. studieår er det krav om at SYK230P og SYK330P er bestått.
Tilrådde forkunnskapar
SYK110, SYK200
Undervisnings- og læringsformer
- Arbeid i grupper
- Multimodale ressursar
- Formidling frå studentar
- Ferdigheitstrening
- Simulering
- Rettleiing
- Medstudentrespons
- Eigenvurdering
- Oppgåveløysing
- Skriftleg arbeid
- Sjølvstudium
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent før kandidaten kan starte i direkte pasientretta arbeid:
1: Obligatorisk deltaking i undervisning som er knytt til praksisførebuing, ferdigheitstrening og simulering.
Følgande obligatoriske læringsaktivitetar høyrer til anten SYK220P eller SYK230P
2: Individuell skriftleg medikamentrekningsprøve (må vere 100% rett)
Arbeidskrava er gyldig i fire semester.
Vurderingsform
Praksisstudie vurderast til bestått/ikkje bestått etter ei avsluttande vurdering av kandidaten sin prestasjon i praksisperioden. For å bestå praksis må kandidaten ha nådd læringsutbytta i emne.
Ny praksis: Vurderast praksis til ikkje bestått vil ny praksisperiode gjennomførast saman med neste kull.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- SK155 - Etikk, Jus og Psykologi - Reduksjon: 2 studiepoeng
- SK163 - Første rettleia praksis i spesialisthelsetenesta - Reduksjon: 13 studiepoeng
- SK155 - Etikk, jus og psykologi - Reduksjon: 2 studiepoeng