SYKF320P Praksisstudie, Sjukepleie ved komplekse og samansett pasienttilstandar og sjukdomsbilete i kommunehelsetenesta
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Emnet er eit rettleia praksisstudie som omfattar personsentrert sjukepleie til menneske med komplekse og samansette pasienttilstandar og sjukdomsbilete i den kommunale helse- og omsorgstenesta med særskilt fokus på pasientar og pårørande i heimesjukepleietenesta.
Studenten nyttar sjukepleieprosessen i si utøving av sjukepleie med særskilt fokus på behandling, rehabilitering og lindring i samhandling med pasient, pårørande og anna helsepersonell.
Det vert lagt vekt på tverrfagleg samarbeid, teknologi og helse, pasienttryggleik og brukarmedverknad og fagleg leiing.
Emnet har i tillegg fokus på følgande tema:
- Dokumentasjon og journalsystem
- Gjeldande myndigheitskrav
- Legemiddelhandtering og -rekning
Emnet sitt arbeidsomfang er rekna til 405 timar. 270 av desse timane er knytt til direkte pasientretta arbeid. Dei resterande timane er knytt til obligatoriske læringsaktivitetar (arbeidskrav) og sjølvstudium.
Det er krav om 90% deltaking i emnet.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Kunnskap:
Studenten…
- har kunnskap om teknologi og digitale løysingar
Ferdigheiter:
Studenten…
- kan nytte fagleg kunnskap om helse og sjukdom ved komplekse og samansette pasienttilstandar og sjukdomsbilete for å systematisk observere, vurdere, avgjere, sette i verk og dokumentere hensiktsmessige sjukepleietiltak, samt evaluere effekten av desse og justere ved behov
- kan nytte fagleg kunnskap for å initiere og bidra til tverrfagleg, tverrprofesjonell og tverrsektoriell samhandling, for å sikre eit koordinert, heilskapleg og samanhengande behandlingsløp på tvers av verksemder og nivå
- kan nytte relasjons-, kommunikasjons- og rettleiingskompetanse i møte med brukarar, pasientar og pårørande
- kan nytte kunnskap om utgreiing, behandling og oppfølging for å understøtte pasienten sitt avgjerdsgrunnlag
- kan reflektere over og handtere faglege, etiske og juridiske problemstillingar i tråd med gjeldande lover og retningslinjer, samt justere eigen praksis i si tenesteutøving
- kan finne og vurdere risikofaktorar knytt til individ, system og miljø, samt dokumentere, og systematisk følge opp dette og sette i verk relevante tiltak
- kan beherske kartleggings-, vurderings-, dokumentasjons- og kommunikasjonsverktøy i utøving av sjukepleie
- kan beherske relevant medisinsk teknisk utstyr i kommunehelsetenesta
Generell kompetanse:
Studenten…
- kan leie og prioritere oppgåver i sjukepleietenesta
- har innsikt i kvalitetsindikatorar og standard terminologi i dokumentasjon av sjukepleie
- har innsikt i korleis pasientar sin språklege og kulturelle bakgrunn utfordrar ivaretaking av kvalitet og pasienttryggleik, samt kunnskap om bruk av tolk
- har innsikt i utvikling og bruk av teknologi og digitale løysingar på individ- og systemnivå i helsetenesta
- kan planlegge og gjennomføre sjukepleie til menneske med samansette og komplekse pasienttilstandar og sjukdomsbilete og gjennomføre sjukepleie til menneske i palliativ fase
- kan planlegge og gjennomføre forsvarleg legemiddelhandtering, medrekna legemiddelrekning, og kvalitetssikrar den enkelte pasient sin legemiddelbruk
- kan planlegge og gjennomføre kommunikasjon og samhandling med pasientar og pårørande basert på respekt, medbestemming og integritet
- kan planlegge og gjennomføre målretta samarbeidsprosessar med pasientar/brukarar, pårørande og andre tenesteutøvarar, og kan førebygge og løyse konfliktar
- kan planlegge og gjennomføre tiltak som sikrar trygg overføring av pasientar mellom ulike einingar og nivå i helsetenesta
- kan planlegge og gjennomføre tenesteutvikling i samarbeid med pasientar og pårørande
- kan formidle fagleg kunnskap og relevant resultat frå forskings- og utviklingsarbeid i teoretiske og praktiske problemstillingar både skriftleg og munnleg, og kan grunngje val i tråd med kunnskapsbasert praksis
- kan formidle synspunkt og dele erfaringar med andre innanfor fagområdet både skriftleg og munnleg, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
Krav til forkunnskapar
SYK100, SYK130, SYK120P, SYK140, SYK200, SYK220P, SYK230P
Tilrådde forkunnskapar
SYK110, SYK250, SYK300
Undervisnings- og læringsformer
- Arbeid i grupper
- Multimodale ressursar
- Formidling frå studentar
- Ferdigheitstrening
- Simulering
- Rettleiing
- Medstudentrespons
- Eigenvurdering
- Oppgåveløysing
- Skriftleg arbeid
- Sjølvstudium
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent før kandidaten kan starte i direkte pasientretta arbeid:
1: Obligatorisk deltaking i undervisning som er knytt til praksisførebuing, ferdigheitstrening og simulering.
2: Individuell skriftleg medikamentrekningsprøve (må vere 100% rett) (høyrer til den første praksisperioden i studieåret)
Arbeidskrava er gyldig i fire semester.
Vurderingsform
Praksisstudie vurderast til bestått/ikkje bestått etter ei avsluttande vurdering av kandidaten sin prestasjon i praksisperioden. For å bestå praksis må kandidaten ha nådd læringsutbytta og oppfylt kravet til 90% deltaking i emne.
Ny praksis
Vurderast praksis til ikkje bestått vil ny praksisperiode gjennomførast saman med neste kull.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel