SYKS390 Bacheloroppgave
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
I emnet skal studenten fordjupe seg i ei sjukepleiefagleg problemstilling og klargjere denne ved hjelp av teori, forsking og erfaringsbasert kunnskap. Emnet tek sikte på å skape grunnlag for kunnskap og bevisstheit om sjukepleie som fag, profesjon og vitskap.
I emnet gjennomførast det eit systematisk akademisk arbeid, kor målet er å belyse ny kunnskap, bidra til kvalitetsutvikling og innovasjon i sjukepleie.
Oppgåva kan ha følgande form:
1. Litteraturstudium knytt opp mot avgrensa problemstilling.
2. Essay basert på erfaringskunnskap og som drøftast ved hjelp av relevant fagkunnskap og forsking.
3. Empirisk oppgåve basert på deltaking i eit pågåande forsknings- eller fagutviklingsprosjekt.
Val av form på oppgåve gjerast i samråd med rettleiar.
Studentane kan skrive ei individuell oppgåve eller i par.
Studenten skal følge HVL sine retningslinjer for bacheloroppgåve.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten…
- har brei kunnskap om sentrale verdiar, teoriar og omgrep i sjukepleie som fag og profesjon
- har kunnskap om vitskapsteori, forskingsmetode og forskingsetikk
- har kunnskap om korleis ein kan oppdatere sin fagkunnskap
Ferdigheiter:
Studenten…
- kan nytte fagleg kunnskap om helse, sjukdom og samfunn
- kan meistre eit systematisk litteratursøk, nytte og kritisk vurdere forskingsresultat og anna akademisk litteratur
- kan nytte fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid i teoretiske og praktiske problemstillingar, og kan treffe grunngjeve val i tråd med kunnskapsbasert praksis
- kan reflektere over og handtere faglege, etiske og juridiske problemstillingar
- kan reflektere over eksisterande rutinar og metodar, og kan ta initiativ til implementering av ny kunnskap og innovasjon
- kan finne, vurdere og vise til akademiske tekster på engelsk
Generell kompetanse:
Studenten…
- kan planlegge og gjennomføre eit prosjekt
- kan planlegge, gjennomføre og formidle eit systematisk akademisk arbeid
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
- kan formidle synspunkt og dele erfaringar med andre innanfor fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
Krav til forkunnskapar
SYK100, SYK110, SYK130, SYK120P, SYK140, SYK200, SYK220P, SYK230P
Tilrådde forkunnskapar
SYK300, SYK250, SYK260P, SYK320P, SYK330P, SYK360P
Undervisnings- og læringsformer
- Førelesingar
- Arbeid i grupper
- Multimodale ressursar
- Formidling frå studentar
- Rettleiing
- Medstudentrespons
- Skriftleg arbeid
- Sjølvstudium
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent før kandidaten kan framstille seg til eksamen:
1: Ei rettleiing på prosjektplan med medstudentrespons
2: Godkjent prosjektplan
3: Individuell/parvis rettleiing
Arbeidskrava er gyldig i fire semester.
Vurderingsform
Bacheloroppgåve i sjukepleie.
Individuell eller parvis skriftleg oppgåve.
Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakter og F er ikkje bestått.
Ny eksamen:
Ved ikkje bestått vurdering kan ein forbetra versjon av bacheloroppgåva leverast til sensur ein gong til. Kandidaten har rett på ny rettleiing.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel