BBLPR301 Praksis 3. år
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Praksis i tredje studieår på barnehagelærarutdanninga er på 25 dagar. Det er ein obligatorisk del av utdanninga.
Informasjon om læringsutbytte og innhald i utdanninga finn du på følgande nettsider:
Studieplan for barnehagelærarutdanning
https://www.hvl.no/studier/studieprogram/barnehagelaererutdanning/2020h/studieplan/
Emneplanar for ditt studieår
https://www.hvl.no/studier/studieprogram/barnehagelaererutdanning/2020h/utdanningsplan/
Informasjon om rammer finn du på nettsida om praksis
https://www.hvl.no/student/praksis/praksis-for-flki/praksis-i-barnehagelararutdanninga/
Gjeld Bergen og Stord: 15 praksisdagar skal gjennomførast i samband med utviklingsarbeid, 10 dagar i samband med fordjuping.
Gjeld Sogndal: 20 praksisdagar skal gjennomførest i samband med utviklingsarbeid (LSU301), 5 dagar i samband med fordjuping.
Krav til forkunnskapar
Praksis andre studieår (BBLPR201) må vere bestått for at du kan starte denne praksisperioden.
Undervisnings- og læringsformer
All praksis blir gjennomført i barnehage.
Unnatak:
KKP301 og KAB301 har eit alternativt opplegg i samband med 10 dagar fordjuping. Dette kjem fram i emneplanane.
Vurderingsform
25 dagar praksis, delt i to delemner.
Gjeld Bergen og Stord: 15 dagar og 10 dagar
Gjeld Sogndal: 20 dagar og fem dagar.