Hopp til innhald

BI435 Landskapsøkologi

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

I dette emnet lærer du kva landskapsøkologi er, om sentrale konsept innanfor landskapsøkologi, og korleis ein kan bruka landskapsøkologi i landskapsplanlegging og -forvaltning. Viktige tema som går igjen er: skala, landskapsstruktur, landskapsdynamikk, fragmentering og konnektivitet. Emnet har fordjupingstema innanfor kulturlandskap, viltbiologi og pollinering. Emnet er bygd opp med følgjande progresjon: (1) om grunnleggjande økologiske prosessar og mønster i landskapet, (2) verktøy for å beskriva og forstå desse og (3) korleis å nytta denne kunnskapen for å ta vare på naturverdiar gjennom arealplanlegging.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten skal:

  • Forstå kva effekt romlege mønster har på økologiske prosessar hos dyr og planter.
  • Forstå korleis skala påverkar økologiske prosessar og vår forståing av desse.
  • Forstå korleis naturleg og menneskeskapt forstyrring påverkar mønster og dynamikk i landskapet, med særleg fokus på fragmentering.

Ferdigheiter

Studenten skal:

  • Ha evne til å analysere landskapstruktur og -dynamikk kvantitativt.
  • Ha evne til å presentere vitskaplege artiklar og nytte kunnskapen frå desse i landskapsplanlegging.
  • Ha evne til å nytte GIS til kartlegging og analysar av endringar i landskapet.

Generell kompetanse

Studenten skal

  • Kunne overføre økologisk teori til praktisk forvaltning og planlegging av landskap.
  • Kunne forstå effekter av menneskeleg aktivitet i landskapet på økologiske prosessar.

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav. 

Tilrådde forkunnskapar

Det er ei føremon med kunnskap i økologi, geografiske informasjons system (GIS) og statistisk programvare R.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, kollokviar, studentpresentasjonar av vitskaplege arbeid, problembasert læring, prosjektoppgåve i grupper, ekskursjon.

Obligatorisk læringsaktivitet

Presentasjon av vitskapleg artikkel (gruppearbeid)

Deltaking på temadag med problembasert læring

Deltaking på ekskursjon

Vurderingsform

Skriftleg prosjektoppgåve i gruppe på 3-4 studentar, 30 %

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar, 70%

Karakterskala: A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel