Hopp til innhald

BIDR114 Trening og aktivitetslære

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet Trening og aktivitetslære består av praktisk tilnærming til ulike treningsformer og aktivitetar med omsetting av treningslære i praksis for ulike målgrupper. Nokre aktivitetar er knytt til teori i andre emne som går parallelt, som mellom anna Treningslære og Pedagogikk og coaching. Emnet omfattar også Norges idrettsforbund (NIF) sitt barneidrettstrenarkurs som gjer studentane kvalifisert til å gjennomføra ulike aktivitetar for born under 12 år. 

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:  

Kunnskapar 

Studenten

  • har kunnskap om planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing av trening og aktivitet i ulike alders-, funksjons- og ferdigheitsnivå  
  • kan knytte kunnskap om trening og aktivitet til praktisk gjennomføring 
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innan fagområdet 

 

Ferdigheiter 

Studenten

  • kan utøve og syne sentrale ferdigheiter i ulike treningsformer og -aktivitetar 
  • kan vise ferdigheit i høve planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing på ulike ferdigheitsnivå 
  • beherske nærfriluftsaktivitetar og orientering med kart i natur 
  • kan reflektere over eigen fagleg utøving og justere denne under rettleiing 

 

Generell kompetanse 

Studenten

  • kan gjennomføre, vurdere og reflektere over trening og aktivitet inne og ute til ulike alders- og ferdigheitsnivå  
  • kan rettleie innan trening, fysisk aktivitet og friluftsliv, samt reflektere over rolla som instruktør 
  • kan gjennomføre livredning i, ved og på vann og gje livreddende førstehjelp, inkludert hjarte- og lungeredning (HLR) 
  • kan drive variert aktivitet for born under 12 år

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad knytt til praktisk undervisning, der teori blir integrert gjennom tileigning av praktisk erfaring. I einskilde opplegg/kurs er det òg teoretiske timar og førelesingar. Gruppe- og individuelt arbeid med fokus på studentaktive læringsformer inngår og som ein viktig del av emnet. 

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen: 

  • Aktiv deltaking i obligatorisk læringsaktivitetar skal gje studenten kunnskap om og refleksjon over aktiviteten og kunne samhandle med andre
  • Gjennomført og godkjent arbeidskrav tilhøyrande praktisk undervisning
  • Gjennomført og godkjent treningsrettleiing av medstudent inkludert logg
  • Kursea Barneidrettstreneren og Tilrettelegging paraidrett frå NIF
  • Praktisk prøve i livberging i vatn i kombinasjon med HLR 

Dei obligatoriske læringsaktivitetane er knytt til læringsutbytta som omhandlar å inneha ferdigheit i høve planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing på ulike ferdigheitsnivå, samt kompetanse til å utføre livreddande førstehjelp.  

Vurderingsform

Individuell praktisk eksamen med påfølgande munnleg eksaminasjon (totalt 40 minutt).

Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd. 

Hjelpemiddel ved eksamen

I førebuingsfasen og til den praktiske gjennomføringa av eksamen kan alle hjelpemiddel nyttast. 

Meir om hjelpemiddel