BNF301 Barn, natur og friluftsliv
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Emneplanen bygger på Nasjonale retningslinjer for barnehagelærarutdanning og emnet er ein valbar fordjuping i bachelorstudiet Barnehageutdanning med vekt på natur, helse og rørsle. Studiet er lagt til haust- og vårsemesteret tredje studieår. Kunnskapsbasen bygger i hovudsak på faga naturfag, fysisk fostring, mat og helse og pedagogikk.
Emnet er i stor grad basert på undervisning ute med praktisk arbeid. Undervisninga er forskningsbasert og profesjonsretta der praksis inngår som ein integrert del.
Etter gjennomført emnet er studenten ein viktig ressurs i barnehagen på natur og friluftsliv. Undervisninga er organisert i 5 hovudtema:
- Pedagogisk leiing, kritisk refleksjon og leiing av personalet
- Barnas friluftsliv
- Naturkjennskap og friluftsliv
- Mennesket i naturen
- Bruk av naturen som ressurs
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- Skal sikre barns medverknad i naturen og friluftsaktivitetar, ved at barna sine uttrykk blir følgt opp og evaluert
- Skal forstå korleis ein kan stimulere til barns undring, utforsking, meistring, leik, utvikling og læring i naturen
- Har kunnskap om pedagogisk friluftsliv og økofilosofi
- Har kunnskap om berekraftig utvikling og praksis i barnehagen
- Skal kunne anvende kunnskap om prosesser og fenomen i naturen, vær og klima, økologi og geologi saman med born
- Har kunnskap om hausting og konservering av mat frå naturen
Ferdigheiter
Studenten
- Skal kunne leie og utvikle prosjekt og aktivitetar i samarbeid med barn og personalet i natur og friluftsaktivitetar
- Kan planlegge, gjennomføre og evaluere tverrfaglege natur- og friluftsaktivitetar i ulike naturtypar til ulike årstider, som fremmer barn sin meistring, nysgjerrigheit og oppdagarglede
- Kan legge til rette for bruk av naturen til oppleving, observasjon, eksperiment, utforsking, lek og læring i ulike tema i nærmiljø for barn
- Kan planlegge, gjennomføre og vurdere behov for varierte måltid for barn i naturen
- Kan tilberede mat i og frå naturen og nytte ulike konserveringsmetodar
- Skal ha gode basisferdigheiter i friluftsliv og god eigenferdigheit i å meistre kroppen i varierte utemiljø
Generell kompetanse
Studenten
- Kan kritisk vurdere eiga leiarrolle og fagleg didaktisk arbeid med barn
- Kan vurdere korleis rammeplan for barnehagen kan brukast som utgangspunkt for ulike aktivitetar relatert til Natur, helse og rørsle saman med andre emne
- Skal bidra til barn si heilskaplege utvikling og læring i barnehagen
- Har god innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar og kjenner krav til tryggleik ved natur- og friluftsaktivitetar
- Har sjølvstendig og reflektert forståing for barnehageprofesjonen si særstilling og kan vidareutvikle barnehagen og barnehagelærarrolla
- Skal kunne vurdere og ta i bruk relevant forsking i barnehagen
Krav til forkunnskapar
Bestått: NHR101/NHR102/NHRA101/NHRD101
Undervisnings- og læringsformer
Det vil bli nytta varierte arbeidsformer som lærarstyrte og studentstyrte aktivitetar, arbeid i grupper, seminarverksemd, ekskursjonar med overnatting, førelesningar, rettleiing og sjølvstudium. Delar av det studentaktive arbeidet vil liggja utanom dei timeplanfesta aktivitetane.
OBLIGATORISK LÆRINGSAKTIVITET
Studentane må rekne med at delar av undervisninga er obligatorisk. Dette kan til dømes vere undervisningsøkter med gruppediskusjonar, oppgåveskriving, praktisk arbeid eller framlegg. Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart.
I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel på inntil 2000 kr. Denne vil bli spesifisert ved semesterstart og vil vera ulikt på dei ulike kampusane. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav, dersom ein ikkje kan delta på ekskursjonane.
PRAKSIS
Leiing av barn og barnehagen
Studenten skal i tredje studieår utvikle evne til pedagogisk leiing og leiing av endrings- og utviklingsprosessar i barnehagen og vise at pedagogisk leiing inneber profesjonsetisk bevisstheit. Studenten skal fokusere både på eigen yrkesidentitet og barnehagen sitt samfunnsmandat og kunne reflektere over dette. Studenten skal utvikle ulike sider ved barnehagelærarrolla, som å:
- stå fram som barnehagelærar og kunne reflektera rundt ulike sider ved profesjonsutøvinga generelt og fordjupinga spesielt
- kunne leie barnehagen som lærande organisasjon
- auke si generelle pedagogiske leiarkompetanse
- kunne legge til rette for eit miljø som fremmar og tek i vare på leik
- kunne reflektere over balansen mellom målstyrt pedagogisk leiing og dialog med medarbeidarar og balansen mellom å ta omsyn til eigne behov og å vere orientert mot andre
Leiardagane (minimum 5) skal gjennomførast i løpet av heile praksisperioden (haust og vår), og må ha fokus på desse områda i vurderinga av studenten.
Obligatorisk læringsaktivitet
- 1 oppgåve knytt til praksis i gruppe
- Ekskursjonar og forflytta undervisning
- 1 oppgåve
Alle obligatoriske læringsaktivitetar blir nærare presisert ved semesterstart og vert knytt til læringsutbytta i emnet.
Alle obligatoriske læringsaktivitetar høyrer til den praktiske eksamen, og må vere godkjent for å kunne framstille seg til denne vurderingsdelen.
Obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som godkjent / ikkje godkjent. Læringsaktiviteten må være levert / gjennomført til fastsett innleveringsfrist for at det skal bli vurdert. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet ikkje blir godkjent, får studenten ein (1) moglegheit til ny innlevering / gjennomføring innanfor ordinært studieforløp i emnet. Nytt forsøk må være godkjent seinast 2 veker før eksamen i emnet.
Vurderingsform
- Oppgåve, tel 40% - innlevering vinter. Gruppe
- Praktisk eksamen, tel 60 % - eksamen vår. Individiuell karakter. Tidsramme: 1 veke.
Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd
Begge delane må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen takast opp att åleine.