Hopp til innhald

HSPED802 Fagdidaktisk fordjuping i høgskulepedagogikk

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet består av eit sett 20 timars modular der deltakarane vel 5 modular slik dei sjølv vil. Modulane er ei fordjuping i tema som kan knytast til i Innføringsemnet HSPED801. Dei fagdidaktiske modulane vert gjort tilgjengeleg for påmelding undervegs i studieåret.

For dei som skal dokumentere si utdanningsfaglege kompetanse er det tilrådd å velje modulen knytt til skriving av pedagogisk mappe Der får deltakarane rettleiing på utvikling av ei pedagogisk mappe som er ein del av søknad om opprykk til fyrsteamanuensis og professor.

Læringsutbytte

Gjennom å delta på fem modular skal deltakarane ha

Kunnskap

  • Deltakarane skal ha kunnskap ulike didaktiske metodar å planleggje og gjennomføre undervisning på

Ferdigheitar

  • Deltakarane skal kunne velje, grunngje og vidareutvikle hensiktsmessige læringsaktivitetar i høve til faglege mål og utdanningsprogram

Generell kompetanse

  • Deltakarane skal kunne bidra til fagleg og pedagogisk nyskaping

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Innføringsemnet i høgskulepedagogikk

Undervisnings- og læringsformer

Studentaktive læringsformer som diskusjon, gruppearbeid og kollegarettleiing, førelesing og sjølvstudium, digitale læringsressursar og fysiske og nettbaserte samlingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Deltaking på fem modular
  • Oppgåver i modulane

Vurderingsform

Oppgåve.

Karakter bestått/ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel