Hopp til innhald

MAS307 Hydrogenteknologi

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

I ei verd på veg bort frå fossile energikjelder og på veg mot fornybare energikjelder, vert hydrogen som energiberar meir og meir interessant. I dette emnet vert det gjort greie for produksjon, distribusjon og bruk av hydrogen- blant anna i brenselceller. Det vert fokusert på teknologi, men relevante tverrfaglege betraktningar inkluderast også for å presentera eit heilskapleg bilete.

  • Metodar for hydrogenproduksjon, som til dømes dampreformering, elektrolyse, pyrolyse og gassifisering av biomasse
  • Lagring og distribusjon på land og på sjø
  • Bruk som energiberar og i industrielle prosessar, inkludert brenselceller
  • Verdikjeder og økonomi i hydrogenprosjekt
  • Sikkerheit ved drift av hydrogenanlegg - lover og forskrifter

Læringsutbytte

Ved fullført emne MAS307 har studenten følgande kvalifikasjonar:

Kunnskapar:

  • Kan greie ut om dei viktigaste metodane innan hydrogenproduksjon, -distribusjon og -forbruk
  • Kjenner til gjeldande forskrifter og lovverk innan sikkerheit for hydrogenanlegg

Evner:

  • Kan gjera overordna energiberekningar angåande bruk av hydrogen som energiberar
  • Kan vurdera hydrogen som energiberar mot alternative løysingar i energiprosjekt

Generell kompetanse:

  • Kan reflektera over eigen fagleg utøving
  • Kan samarbeida i ei gruppe om å løysa ei oppgåve
  • Kan halda ein munnleg presentasjon av fagstoff

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Grunnleggjande kjemi og termodynamikk

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, sjølvstudium, øvingsoppgåver. Ekskursjonar so langt det er mogeleg. 

Obligatorisk læringsaktivitet

Det vil bli gitt tre prøver med fleirvalsoppgåver knytt til pensum. Alle prøvene må vere bestått.

Desse arbeidskrava må vere gjennomført til fastsatte fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen. Arbeidskrava er gyldige i fire (4) semester, totalt.

Vurderingsform

Munnleg eksamen, 30 minutter. 

Tid og stad for eksamen vert stadfesta på emnet sin læringsplattform.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Ny munnleg eksamen vert arrangert i påfølgjande semester dersom ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel