MGUPE301 Pedagogikk og elevkunnskap, emne 3 - Den profesjonelle lærar
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Pedagogikk og elevkunnskap er eit kulturfag som skal gje studentane forståing for læraren og skulen si rolle i samfunnet. Kjerneområda i faget dreiar seg om oppseding, utdanning og danning.
Pedagogikk og elevkunnskap har eit overordna ansvar for at studentane utviklar ein læraridentitet som kviler på sentrale profesjonsetiske prinsipp. I emnet "den profesjonelle lærar" er hovedfokuset på studentane si utvikling av lærarprofesjonalitet. Studentane skal vidareutvikle sin didaktiske kompetanse på ulike nivå, med hovudfokus på organisasjons- og institusjonsnivået. Med kunnskap frå skulehistorie og kjennskap til samfunnsmandatet, skal studentane få kunnskapar og ferdigheiter til å utvikle framtidas skule. I eit samfunn som stadig er i endring, krev dette at studentane får ein utviklings- og endringskompetanse, og utviklar evne til nytenkning og innovasjon. Dette er det tredje av fire emne i PEL.
Tema:
- Profesjonell utvikling
- Skulen som lærande organisasjon
- Læreplan og kritisk analyse av skulen sitt mandat og oppgåve
- Skulehistorie
- Skulen i lokalsamfunnet
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har inngåande kunnskapar om skulehistorie
- har inngåande kunnskapar om fellesskapet sin betydning for elevane sine læringsprosessar
- har inngåande kunnskapar om skulen som lærande organisasjon og skuleutvikling
- har kunnskapar om samhandling mellom skule og lokalsamfunn
- har kunnskapar om forskingsbaserte utviklings- og endringsprosessar i skulen og vurdering av desse.
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke forskingsbasert kunnskap til å analysere og setje i verk tiltak for å fremje eit godt psykososialt læringsmiljø.
- kan leggje til rette for samhandling i klassar og grupper på 5-10.trinn og i ettertid kritisk analysere aktiviteten
- kan kritisk analysere læreplanar og styringsdokument
Generell kompetanse
Studenten
- kan bruke forskingsbasert kunnskap om læring og motivasjon til å styrke elevane sine læringsprosessar
- kan kritisk analysere og delta i samfunnsdebattar om utdanningspolitikk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MGUPE201
Undervisnings- og læringsformer
Det vil bli brukt varierte arbeidsformer i undervisninga, som seminar, forelesingar, øvingar, både individuelt og i grupper, praksisforteljingar og andre munnlege og skriftlege oppgåver. Det er ein føresetnad at studentane deltek aktivt i undervisninga og at dei arbeider med lærestoffet på eiga hand. Refleksjon over teori og praksis er sentralt i utviklinga av ein profesjonell yrkeskompetanse.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Det er obligatorisk oppmøte i seminar, ulike øvingar og arbeid i grupper. Fraværsgrense er 20%
- 1 skriftleg arbeidskrav og 1 munnleg
Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knytast til Profesjonsfagleg digital kompetanse (PfDK) i skoleutvikling og ledelse.
Nærare retningslinjer vil vere klare til semesterstart.
Vurderingsform
Heimeeksamen, 3 dagar.
Karakterskala A- F, der F tilsvarar ikkje bestått
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel