MGUPE401 Pedagogikk og elevkunnskap, emne 4 - Den forskande, nyskapande og etisk medvitne lærar
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Pedagogikk og elevkunnskap er eit kulturfag som skal gi studentane forståing for læraren og skulen si rolle i samfunnet. Kjerneområda i faget dreiar seg om oppseding, utdanning og danning.
I dette emnet skal studenten utvikle eit analytisk og kritisk perspektiv på arbeidet i skulen og sin eigen praksis som framtidig lærar. Dette skal forankrast i pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid og i etiske grunnlagsproblem.
Emnet inngår som det siste av fire emne i faget Pedagogikk og elevkunnskap i grunnskulelærarutdanninga 5-10. Emnet går parallelt med masteroppgåva i 5. studieår.
- Danning, oppseding og utdanning i eit kritisk perspektiv
- Skole- og utdanningspolitiske diskursar
- Pedagogiske grunnsyn og perspektiv på læring
- Pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid i teori og praksis
- Etisk teori og profesjonsetikk
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha fylgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har avansert kunnskap om elevens danning i eit pluralistisk samfunn
- har avansert kunnskap om elevens læring, sosialisering og identitetsutvikling
- har avanserte kunnskapar om konsekvensar av ulike pedagogiske grunnsyn
- har avanserte kunnskapar om problemstillingar i pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid i teori og praksis
- har avanserte kunnskapar om etiske modellar, normer og prinsipp som gjeld når ein skal utøva lærarprofesjonen
Ferdigheiter
Studenten
- kan kritisk vurdere skulen sin rolle og funksjon i samfunnet
- kan kritisk analysere og bruke skulens verdigrunnlag
- kan kritisk drøfte utfordringar i realiseringa av gjeldande læreplan og andre styringsdokument
- kan identifisere og drøfte profesjonsetiske spørsmål med grunnlag i etisk teori, og kan med utgangspunkt i forskingsbasert og profesjonsretta kunnskap grunngje eigne pedagogiske og etiske val
Generell kompetanse
Studenten
- kan drøfte didaktiske konsekvensar, utfordringar og moglegheiter i ein utviklingsorientert skule
- kan bruke relevant forsking som grunnlag for utvikling og endring av pedagogisk praksis og som grunnlag for ei masteroppgåve
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MGUPE101, MGUPE201, MGUPE301
Undervisnings- og læringsformer
Det vil bli brukt varierte undervisnings- og arbeidsmåtar, med vekt på studentaktivitet og casestudium. Litteraturseminar og verkstader knytt til sentrale tema i emnet med bruk av norsk og internasjonal forskingslitteratur. Det er ein føresetnad at studentane deltek aktivt i undervisninga, og at dei arbeider med lærestoffet på eiga hand. Refleksjon og kritisk drøfting av teori og praksis er sentralt i emnet.
Obligatorisk læringsaktivitet
Godkjent arbeidskrav er gyldig i det påfølgjande semesteret etter godkjenninga.
- Det er obligatorisk oppmøte i seminar, ulike øvingar og arbeid i grupper. Fråværsgrense er 20%
- Ei skriftleg oppgåve med relevans for masteroppgåva
- Ei munnleg oppgåve knytt til ein profesjonsetisk case
Nærare retningslinjer vil vere klare ved semesterstart.
Arbeidskrava må være fullført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Semesteroppgåve: Tema/problemstilling analysert og drøfta i lys av teori og forskingslitteratur. Spesifiserte retningslinjer vil føreligge ved studiestart.
Omfang: 3000 ord (+/-10%)
Karakterskala: A - F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel