Hopp til innhald

SA6-504 Politikk, styring og innovasjon i offentleg sektor

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet tek opp teoriar om offentleg styring, utforming og iverksetjing av offentleg politikk og korleis dette dannar kontekst for leiing og profesjonsutøving i offentlege organisasjonar. Tema som vert dekka er forvaltningsreformer og offentlig styring, studiet av offentlig politikk og innovasjon i offentlig sektor.

Læringsutbytte

Etter avslutta emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar:

  • ha avansert kunnskap om offentleg politikk og styringsideologiar
  • ha inngåande kunnskap om utforming og iverksetjing av politikk, samt ulike typar styringsinstrument
  • ha kunnskap om den politisk-administrative konteksten for leiing og profesjonsutøving i offentleg sektor
  • ha kunnskap om innovasjon i offentleg sektor

Ferdigheiter:

  • kunne bruke teoriar om offentleg politikk til å analysere offentleg politikk
  • kunne nytte avansert kunnskap om reformer og ulike styringsideologiar til sjølvstendig analyse av utviklingstrekk i offentleg sektor
  • kunne bruke teoriar og omgrep frå emnet for å analysere endring og innovasjon i offentleg sektor generelt og i eigen sektor spesielt

Generell kompetanse:

  • ha avansert kompetanse i å analysere den politiske konteksten for leiing og profesjonsutøving i offentleg sektor
  • er i stand til å bruke teori og kunnskap frå fagfeltet for å reflektere og kommunisere med både fagfolk og ålmenta om generelle utfordringar for sektoren og om dagleg praksis i eigen organisasjon.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar. Gruppearbeid. Rettleiing på semesteroppgåve

Obligatorisk læringsaktivitet

Akademisk tekst/essay (ca. 1200 ord).

Vurderingsform

Individuell semesteroppgåve.

Omfang ca. 3000 ord.

Bokstavkarakter A-F, der F er "ikkje greidd".

Ved stryk eller gyldig fråvær kan studenten levere inn omarbeidd oppgåve til ny vurdering påfølgjande semester.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel