Hopp til innhald

SYKB120P Praksisstudie, Grunnleggande sjukepleie

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet er eit rettleia praksisstudie med fokus på utøving av personsentrert sjukepleie til menneske som treng hjelp til å dekke grunnleggande behov. Studenten nyttar sjukepleieprosessen i si utøving av sjukepleie, behandling og rehabilitering saman med pasient, pårørande og helsepersonell

Emnet dekker i tillegg følgande tema:

Sjukepleieprosedyrar knytt til grunnleggande behov
Dokumentasjon og journalsystem
Legemiddelhandtering og -rekning
Emnet sitt arbeidsomfang er rekna til 405 timar.

240 av desse timane er knytt til direkte pasientretta arbeid. Dei resterande timane er knytt til obligatoriske læringsaktivitetar (arbeidskrav) og sjølvstudium.

Det er krav om 90% frammøte i emnet.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskapar
Studenten…

  • har kunnskap om teknologi og digitale løysingar
  • har kunnskap om informasjonstryggleik i utøving av sjukepleie

Ferdigheiter
Studenten…

  • kan nytte relasjons- og kommunikasjonskompetanse i møte med brukarar, pasientar og pårørande
  • kan nytte fagleg kunnskap om grunnleggande behov, helse og sjukdom for å systematisk observere, vurdere, avgjere, sette i verk og dokumentere hensiktsmessige sjukepleietiltak, samt evaluere effekten av desse og justere ved behov
  • kan nytte kunnskap om yrkesetiske retningslinjer og gjeldande lovverk i si tenesteutøving
  • kan samhandle med anna helsepersonell
  • kan reflektere over faglege, etiske og juridiske problemstillingar i tråd med gjeldande lover og retningslinjer, samt justere eigen praksis i si tenesteutøving
  • kan reflektere over etiske og juridiske problemstillingar ved bruk av teknologi og digitale løysingar
  • kan finne, vurdere og vise til fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid
  • kan identifisere og vurdere risikofaktorar knytt til individ
  • kan beherske smitteverntiltak for å hindre spreiing av uønskte mikrobar
  • kan beherske kartleggings-, vurderings- og dokumentasjonsverktøy i utøving av sjukepleie

Generell kompetanse
Studenten…

  • kan organisere og leie eige arbeid
  • kan planlegge og gjennomføre forsvarleg legemiddelrekning og deltar i legemiddelhandtering under rettleiing
  • kan planlegge og gjennomføre kommunikasjon og samhandling med pasientar basert på respekt, medbestemming og integritet
  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
  • kan formidle synspunkt og dele erfaringar med andre innanfor fagområdet både skriftleg og munnleg, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Emne SYK100, SYK110, SYK130

Undervisnings- og læringsformer

  • Arbeid i grupper
  • Multimodale ressursar
  • Formidling frå studentar
  • Ferdigheitstrening
  • Simulering
  • Rettleiing
  • Medstudentrespons
  • Eigenvurdering
  • Oppgåveløysing
  • Skriftleg arbeid
  • Sjølvstudium

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent før kandidaten kan starte i direkte pasientretta arbeid:

1: Obligatorisk deltaking i undervisning som er knytt til praksisførebuing, ferdigheitstrening og simulering. 

2: Ferdigheitsprøve, individuell/gruppe. 

3: Individuell skriftleg medikamentrekningsprøve (må vere 100% rett)

Arbeidskrava er gyldig i fire semester.

Vurderingsform

Praksisstudie vurderast til bestått/ikkje bestått etter ei avsluttande vurdering av kandidaten sin prestasjon i praksisperioden. For å bestå praksis må kandidaten ha nådd læringsutbytta og oppfylt kravet til 90% deltaking i emne.

Ny praksis: Vurderast praksis til ikkje bestått vil ny praksisperiode gjennomførast saman med neste kull.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel