SYKH250 Folkehelse i eit nasjonalt og globalt perspektiv
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhald og oppbygging
Emnet gjev brei kunnskap, ferdigheitar og generell kompetanse i helsefremmande og førebyggande arbeid i eit nasjonalt og globalt folkehelseperspektiv. I tillegg vil emnet bidra til auka innsikt i sentrale omgrep og tema innan global helse, internasjonalisering, FN sine berekraftsmål og menneskerettar. Praksis er ei fordjuping innanfor folkehelsearbeid.
Emnet kan innehalde pediatri, svangerskap og barselsomsorg.
Emnet inneheld i tillegg følgande tema:
- Helsedeterminantar og sosial ulikskap i helse
- Salutogenese og empowerment
- Health literacy
- Sjukepleiaren sin pedagogiske funksjon
- Nasjonale og internasjonale styringsdokument
- Kultur og helse i eit globalt perspektiv
- Migrasjonshelse
- Kultursensitivitet og kommunikasjon
- Seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk
- Vaksinasjon
- Livsstil og livsstilsendringar
- Førebyggande helsearbeid knytt til barn og unge
- Frivillig arbeid
Praksisdelen av emnet
Arbeidsomfang er rekna til 405 timar. 160 av desse timane er knytt til direkte pasient- og brukarretta arbeid. Dei resterande timane er knytt til obligatoriske læringsaktivitetar og sjølvstudium
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Kunnskapar
Studenten…
- har brei kunnskap om sjukepleiaren sin helsefremmande og førebyggande funksjon i eit folkehelseperspektiv
- har kunnskap om relevante undervisnings- og rettleiingsmetodar
- har kunnskap om inkludering, likestilling og ikkje-diskriminering uavhengig av kjønn, etnisitet, religion og livssyn, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder slik at kandidaten kan bidra til likeverdige tenester for alle grupper i samfunnet
- har kunnskap om helse- og sosialpolitikk innanfor fagfeltet folkehelse, inkludert gjeldande myndigheitskrav
- har kunnskap om samtale med barn om tema omsorgssvikt, vald og overgrep
- har kunnskap om tverrprofesjonelt samarbeidslæring
- har kunnskap om samane sin status som urfolk og om samane sine rettar, særskilt innanfor helse- og sosialfeltet
Ferdigheiter
Studenten…
- kan nytte fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid i teoretiske og praktiske problemstillingar, og kan grunngje val i tråd med kunnskapsbasert praksis
- kan nytte kunnskap om kulturkompetanse og kulturforståing i vurdering, planlegging, gjennomføring og evaluering av sjukepleie i eit folkehelseperspektiv
- kan nytte kunnskap om barn og unge sine behov for tenester i eit folkehelseperspektiv og sikre deira medverknad og rettar - kunnskap
- kan nytte kunnskap om lærings-, mestrings- og endringsprosessar i rettleiing og undervisning i eit folkehelseperspektiv
- kan nytte relasjons-, kommunikasjons- og rettleiingskompetanse i folkehelsearbeid
- kan nytte oppdatert kunnskap om helse- og velferdssystemet, lover, regelverk og rettleiingsdokument i si tenesteutøving innanfor folkehelsearbeid
- kan nytte fagleg kunnskap om helse og sjukdom i folkehelsearbeid for å systematisk observere, vurdere, avgjere, sette i verk og dokumentere hensiktsmessige sjukepleietiltak, samt evaluere effekten av desse og justere ved behov
- kan nytte kunnskap for å sette i verk tiltak som fremmer god psykisk helse
- kan nytte kunnskap om helsefremmande, førebyggande og arbeidsinkluderande tiltak
Generell kompetanse
Studenten…
- kan planlegge og gjennomføre eit prosjekt
- kjenner til globale helseutfordringar og sjukepleieutøving i eit internasjonalt perspektiv
- har innsikt i samanhengane mellom helse, utdanning, arbeid og levekår, og kan nytte dette i si tenesteutøving både overfor enkeltpersonar og grupper i samfunnet, for å bidra til god folkehelse og arbeidsinkludering
- kan formidle og reflektere over faglege, etiske og juridiske problemstillingar, samt justerer eigen praksis i si tenesteutøving
- kan formidle synspunkt og dele erfaringar med andre innanfor fagområdet, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
Krav til forkunnskapar
SYK110, SYK100, SYK130, SYK140, SYK120P
Tilrådde forkunnskapar
SYK200
Undervisnings- og læringsformer
- Førelesingar
- Arbeid i grupper
- Multimodale ressursar
- Formidling frå studentar
- Ferdigheitstrening
- Simulering
- Rettleiing
- Medstudentrespons
- Oppgåveløysing
- Skriftleg arbeid
- Sjølvstudium
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande arbeidskrav må vere godkjende før kandidaten kan framstille seg til eksamen:
1: Deltaking i studiegruppe med framlegg av utkast til prosjektskisse, medstudentrespons og rettleiing
2: Godkjend prosjektskisse på inntil 750 ord
3: Seminardag med sentralt tema innan emnet
Arbeidskrava er gyldig i fire semester.
Vurderingsform
Eksamen består av to delar og begge må vere bestått.
Del 1: 160 timar knytt til direkte pasient - eller brukarretta arbeid. For å bestå praksis må kandidaten ha nådd læringsutbytta og oppfylt kravet til 90% deltaking i emne.
Del 2: Prosjektoppgåve, individuelt eller i gruppe, lengd 3500 ord +/- 10%.
Tid og stad for innlevering av prosjektoppgåva blir gitt på Studentweb.
Vurderingsuttrykk:
Bestått/ ikkje bestått.
Ny eksamen:
Dersom studenten får ikkje bestått på ein av eksamenane må denne takast opp att. Ved ikkje bestått vurdering del 1 vil ny praksisperiode gjennomførast saman med neste kull.
Ved ikkje bestått vurdering på del 2 er det ikkje høve til å levere forbetra versjon av oppgåva.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemidler tilletne
Meir om hjelpemiddel