Å-KH130 Kunst og håndverk 1
Emneplan for studieåret 2022/2023
Innhold og oppbygning
Studiet retter seg både mot studentar som ønsker seg å bruke faget i ein skulekontekst - eller som eit meir frittståande studie i skapande prosessar. Gjennom studiet får studentane øving i eit bredt utval i teknikkar og materialar innan design, kunst og arkitektur. Arbeid i verkstaden utgjer ein stor del av studiet.
Studenten skal få erfaring med varierte arbeidsmetodar og med handverk i ulike materiale og medium knytt til gjeldande læreplan for grunnskulen. Arbeid på verkstaden dreier seg om bruk av materiale og gir innsikt i både analoge og digitale framstillingsmåtar. Studiet legg til rette for at studenten skal utvikle evne til å forstå korleis bodskap kan formidlast visuelt og i materiale. Fagdidaktikk og profesjonspraksis er ein integrert del av studiet. Det vert lagt vekt på faget sin relevans og legitimering som eit allmenndannande fag i skulen, og på relevant fagteori.
Studenten sin handlingskompetanse utvikles gjennom øving og erfaring med skapande prosessar. Studenten skal kunne skape eit læringsmiljø som stimulerar til oppleving, utfolding og refleksjon rundt aktualitet, kvalitet og bærekraftig utvikling.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema i dei ulike grunnskulelærarutdanningane, slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.
Studenten må forventa ein kostnad på ca.750 kr. til materialar.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten
- har grunnleggande kunnskap om relevante material, teknikkar, verktøy og estetiske virkemiddel
- har grunnleggande kunnskap om mangfaldet i lokal, nasjonal og global kunst- og formkultur
- har grunnleggande kunnskap om barn og unge sine to- og tredimensjonale ytringsformer med tilhøyrande teoriar om estetiske læringsprosesser, oppleving, leik og kreativitet
- har grunnleggande kunnskap om forholda mellom natur, kulturelle uttrykksformer, verdisyn, kvalitet og etikk
- har grunnleggande kunnskap om korleis analoge og digitale uttrykksformer innanfor design, kunst og arkitektur, men også innan handverk, kan tolkast og brukast som utgangspunkt for unge menneske sitt skapande arbeid
- har kunnskap om gjeldande regler om opphavsrett, personvern og kjeldekritikk også ved bruk av bilde og andre visuelle ressursar
Ferdigheiter
Studenten
- kan arbeide målretta med idéutvikling, dokumentasjon og vurdering av eigne skapande prosesser
- kan analysere og formidle mangfaldet i lokal, nasjonal og global kunst- og formkultur på varierte måtar
- kan formidle val av inspirasjonskjelder, arbeidsmetode, virkemiddel, material, teknikkar, verktøy og læremiddel
- kan bruke og vedlikehalde relevante reiskap, apparat og maskiner, og ta ansvar for arbeidsmiljø og sikkerhet på verkstedane (HMS-rutinar)
- kan bruke teikning både som språkform og som verktøy i skissearbeid, konseptutvikling og arbeidsteikningar i gitt målestokk
- kan bruke faget sitt innhald, arbeidsmåtar og teori i læring og vurdering
- kan organisere utstillingar av skapande arbeid
Generell kompetanse
Studenten
- forstår korleis ein kan leggje til rette for skapande arbeid med materiale som utfordrar sansar, engasjerer følelsar, krev konsentrasjon og aktiviserer kroppen
- har innsikt i korleis val av material, arbeidsformer og tema bidreg til gjenbruk, vedlikehald og omtanke for miljøet
- er fortruleg med erfaringsbaserte læringsformer og har innsikt i korleis sjølvstendige undersøkingar og skapande arbeidsformer kan bidra til å løyse ulike form- relaterte problem
- kan samarbeide og kommunisere med andre fag om utvikling av fleirfaglege prosjekt samt generere tverrfaglege, vitskaplege og utforskande arbeidsformer
Krav til forkunnskaper
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
- Førelesingar
- Workshop
- Seminar
- Fagdagar
- Prosjektarbeid (ein-faglege og fleir-faglege)
- Praktisk arbeid i verkstaden, individuelt og i grupper
- Munnlege og skriftlege oppgåver
- Ekskursjonar/ studietur
Obligatorisk læringsaktivitet
- Deltaking i obligatoriske læringsaktivitetar
- Munnleg framlegg i gruppe
- Skriftleg individuell oppgåve
Nærare retningslinjer for dei obligatoriske arbeidskrava vil bli publisert i læringsplattformen. Dei obligatoriske arbeidskrava må være gjennomført til fastsette fristar og godkjend før ein kan avlegge eksamen.
Vurderingsform
Vurderingsmappe.
Ei mappe som inneheld både skriftlege oppgåver og praktisk arbeid. Det praktiske arbeidet skal stillast ut saman med dokumentasjon og refleksjon.
Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemidler ved eksamen
- alle
Mer om hjelpemidler