FRIB301 Friluftsliv vinter 2
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
I dette emnet skal studenten fordjupe seg i nordisk vinterferdsel og alpin skiferdsel. Gjennom teori og ekskursjonar skal studentane vidareutvikle kunnskap, erfaring og forståing om vinterfriluftsliv. Emnet omhandlar hovedakleg vinterferdsel i oversiktleg terreng. Sentrale tematikkar i emnet er terrengvurdering, systematisk snødekkeundersøking, verkjennskap, vegleiing og gruppeprosessar ved menneskeleg samhandling. Ferdigheit kring kameratredning utvidast til å omhandle større og meir komplekse scenario med og utan sendar/mottakar. Studentane får vegleiingserfaring gjennom å planlegge, gjennomføre og evaluere mellom anna nordisk skiferd med ei gruppe førsteårsstudentar.
Ved godkjent gjennomføring av ekskursjonane kan studentane få Norsk Fjellsportforum (NF) metodekurs skred nordisk/alpint, dersom loggbok tilfredsstiller NF sine krav til opptak på metodekurs.
Ekskursjonar:
- Vegleiingstur vinter med førsteårsstudentar, Sogndalsdalen, tre dagar
- Sogndalsdalen, ein dag
- Skitur på Jostedalsbreen, tre dagar (NF grunnkurs bre, modul 2)
Ekskursjonar (nordisk vinterferd):
- Eigenferd nordisk vinterferd, fem dagar
Ekskursjonar (alpin skiferdsel):
- Sogndalsdalen, to dagar
- Jostedalen, tre dagar
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om planlegging, gjennomføring og evaluering av nordisk/alpin skiferd i oversiktleg terreng
- har inngåande kunnskap om terrenget si betyding knytt til nordisk/alpin skiferd
- har inngåande kunnskap om vegvalsvurdering i oversiktleg terreng
- har inngåande kunnskap om systematisk snødekkeundersøking som metode for snødekkevurdering
- har inngåande kunnskap om korleis skredvarsling (varsom.no) nyttast i turplanlegging, gjennomføring og evaluering av nordisk/alpin skiferd
- har inngåande kunnskap om verets betyding for nordisk/alpin skiferd og snødekket si oppbygging
- har inngåande kunnskap om gruppeprosessar og menneskeleg samhandling knytt til nordisk/alpin skiferd
- har inngåande kunnskap om korleis kameratredning og organisert redning gjennomførast
Ferdigheiter
Studenten
- kan vurdere terrenget si betyding knytt til nordisk/alpin skiferd
- kan gjere vurdering på vegval i oversiktleg terreng
- kan systematisk snødekkeundersøking som metode for vurdering av snødekket
- kan nytte skredvarsling (varsom.no) i turplanlegging, gjennomføring og evaluering av toppturar
- kan gjere greie for verets betyding for ferdsel på topptur og snødekket si oppbygging
- kan gjere greie for gruppeprosessar og menneskeleg samhandling knytt til nordisk/alpin skiferd
- kan gi opplæring i kameratredning og bruk av sendar/mottakar - utstyr på grunnleggjande nivå
Generell kompetanse
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre og evaluere turar knytt til nordisk/alpin skiferd i oversikteleg terreng
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar er å vere i god nok fysisk form til å kunne bere eige og felles utstyr på ekskursjonar med overnattingar på barmark og på snø. NF vidaregåande skredkurs eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene i dette emnet nyttar i stor grad praktisk undervisning ute og ekskursjonar der teori blir integrert gjennom tileigning av praktisk erfaring. Turplanlegging og teori vil og formidlast gjennom førelesingar på campus. Gruppe- og individuelt arbeid inngår og som ein viktig del av emnet.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Aktiv deltaking på ekskursjonar (planlegging, gjennomføring og evaluering)
- Skriftleg gruppeinnlevering av turplan
- Skriftleg eigenrefleksjon knytt til tema i emnet
Desse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytta om å ha inngåande kunnskap om samspelet terreng, snødekke, ver og menneske i samband med vinterferdsel, samt å kunne planlegge, gjennomføre og evaluere trygge turar knytt til nordisk/alpin skiferd.
I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigendel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.
Vurderingsform
Individuell munnleg eksamen (30 minutt), med 30 minutt førebuing i forkant av eksamen.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Skriftleg eigenrefleksjon
Meir om hjelpemiddel