Hopp til innhald

IDF101 Treningslære

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Treningslære er eit tverrfagleg emne som inkluderer treningslære, anatomi og bevegelseslære. Emnet skal gje forståing av korleis ein systematisk kan jobbe for å forbetre styrke og uthald. Samtidig skal studenten få kunnskap om fysiologiske og biomekaniske forhold som er sentrale i bevegelse, idrett og fysisk aktivitet.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om faktorar som påverkar idrettsleg yteevne
  • har kunnskap om sentrale prinsipp og metodar for trening og intensitetsstyring
  • har kunnskap om kva ein kan gjere for å betre yteevne før, undervegs og etter trening
  • har kunnskap om oppbygginga av kroppen sine musklar og skjelett
  • kjenner til grunnleggande biomekaniske prinsipp

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere trening for betring av uthald, styrke, spenst, hurtigheit og bevegelsesevne
  • kan beskrive bevegelse relatert til anatomi
  • kan beskrive ulike treningsprinsipp og intensitetsstyring

Generell kompetanse

Studenten

  • kan forklare grunnleggande omgrep og teoriar nytta i treningslære
  • kan forklare særtrekka ved omgrepa uthald, styrke, spenst, hurtigheit og bevegelsesevne
  • kan analysere muskelbruk under ulike aktivitetar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad knytt til førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. Emnet inneheld både teoretiske og praktiske timar med fokus på studentaktive læringsformer.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen

Vurderingsform

Individuell mappeeksamen samansett av to skriftlege tekstar som studentane får tilbakemelding på undervegs i emnet. Tekstane forventast vere revidert etter tilbakemeldingane før innlevering av vurderingsmappa.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Ved ny eksamen skal ein levere ein omarbeida mappeeksamen som inkluderer begge tekstane.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel