IDF300 Fordjuping fotball
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Kurset gir studenten ulike tverrfaglege perspektiv på trenaraktivitet. Sentralt står gjennomføring av praksisøkter som legg vekt på at studenten får utfordra seg på å planlegge, gjennomføre og evaluere trening. I tillegg vil det bli fokusert på trenaren sin jobb på feltet der det blir utarbeida eigen individuell trenarprofil. I arbeidet med eigen trenarprofil og i kamp- og spelaranalysedelen blir ulike analyseverktøy nytta under rettleiinga.
I møte med andre trenarar og spelarar i kurset og gjennom trenarpraksisen blir relasjonskompetanse og trenerkoordinering viktig stikkord.
Kurset blir gjennomført i nært samarbeid med Norges Fotballforbund, NFF Sogn og Fjordane og Sogndal Fotball.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om trenarkoordineringsrolla
- har kunnskap om feedback og evaluering av trenarrolla
- har kunnskap om relevante verktøy for kamp- og spelaranalyse
Ferdigheiter
Studenten
- kan reflektere kring utvikling av eigne ferdigheiter som trenar
- prøve ut og erfare korleis trenaren kan jobbe på feltet, individuelt og i samarbeid med andre
Generell kompetanse
Studenten
- kan gjere greie for korleis ein skal ta eigarskap til eigen ferdigheitsutvikling som trenar
- kan reflektere kring ferdigheitsutvikling for spelarar
- kjenner til relevant forsking relatert til trenarrollen
- kan kvalifisere seg som B-lisenstrenar i NFF sin trenarstige
Krav til forkunnskapar
Fullført 60 studiepoeng idrett eller tilsvarande.
For studentar som har gått studieretning Idrett og trenarrolla kan det vere aktuelt å framstille seg for UEFA B trenar fotball. Ein førestnad for dette er at NFF Grasrottrenaren er godkjent og tilstrekkeleg mengde trenarpraksis dokumentert.
Tilrådde forkunnskapar
Trenarpraksiserfaring
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene er førelesing, gruppe- og individuelt arbeid. Det blir lagt til rette for obligatoriske læringsaktivitetar knytt opp mot ulike læringsmål for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen, mellom anna praktiske instruksjonsoppgåver.
Undervisninga blir gjennomført i klasserommet, på analyselaboratoriet og på fotballbana.
Obligatorisk læringsaktivitet
Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar. Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Praktiske instruksjonsoppgåver på barne- og ungdomssfotballag i utarbeiding av eigen trenarprofil
- Deltaking i demoøkter frå rettleiar og instruksjonstimar for medstudentar
- Teoriprøve, to timar
I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.
Vurderingsform
Individuell praktisk eksamen, 45 minutt.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel