IDF301 Kosthald og ernæring
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Generell ernæringskunnskap, kosthald og ernæring for folkehelse og idrettsprestasjon.
Læringsutbytte
Ved fullført emnet skal studenten ha følgjande læringsutbytte totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om korleis dei energigivande næringsstoffa (karbohydrat, protein, feitt) er oppbygd, korleis dei påverkar kroppen, og kva matvarer som er gode kjelder
- har kunnskap om vitaminer og mineralar, korleis dei påverkar kroppen, og kva som er gode kjelder
- har kunnskap om nasjonale målsettingar og handlingsplanar
- har kunnskap om samanhengen mellom ernæring, fysisk aktivitet, energibalanse, energiomsetning og hormona
- har kunnskap om nasjonale og internasjonale kosthaldsanbefalingar, ulike kosthald og diettar
- har kunnskap om berekraftig utvikling, mat og helse
- har kunnskap om samanheng mellom ulike typar kosthald og helse/livsstilsjukdommar
- har kunnskap om kosthaldsråd til ulike grupper og idrettsgreiner
- har kjennskap til livsstilsendring i samband med ernæring
- har kunnskap og innsikt i kva rolle ernæring og væskeinntak har for yteevne under trening og konkurransar
- har kunnskap om og kan finne kjelder for evidensbasert kunnskap om ernæring for folkehelse og idrettsprestasjon
Ferdigheiter
Studenten
- kan vurdere næringsinnhold i kosten sammenlignet med anbefalinger og næringsbehov
- kan forklare personar om samanhengen mellom ernæring, fysisk aktivitet, energibalanse, og folkehelse
- kan forklare idrettsutøvarar om samanhengen mellom ernæring og idrettsprestasjon
Generell kompetanse
Studenten
- kjenner dei nasjonale og internasjonale målsettingane, handlingsplanar og kosthaldsråda til ulike grupper og idrettsgreiner
- kan finne kjelder for og vurdere evidensbasert kunnskap om ernæring for folkehelse/livsstilssykdommer og prestasjon
- kan vurdere eit kosthald i relasjon til berekraftsmåla
- kan forklare grunnleggande samanheng mellom ernæring, fysisk aktivitet, energibalanse, energiomsetning og hormona
- har kompetanse om livsstilsendring i samband med ernæring
- kan vurdere ulike kosthald for folkehelse og idrettsprestasjon
- kan vurdere helseeffektar i høve dei mest vanlege matvarene i norsk kosthald
- kan forklare kva rolle ernæring, kosthald og væskeinntak har for yteevne og prestasjon
Krav til forkunnskapar
Fullført 60 studiepoeng idrett eller anna relevant utdanning.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad knytt til førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. Emnet inneheld både teoretiske og praktiske timar med fokus på studentaktive læringsformer.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen
Vurderingsform
Individuell mappeeksamen samansett av fire skriftlege tekstar som studentane får tilbakemelding på undervegs i emnet. Tekstane forventast vere revidert etter tilbakemeldingane før innlevering av vurderingsmappa.
Alle tekstane må vere greidd.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Ved ny eksamen skal ein levere ein omarbeida mappeeksamen som inkluderer alle tekstane.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel