IDF307 Fordjuping havpadling
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Målgruppa for emnet er studentar som ynskjer å auke eigen kompetanse om undervising og veiledning i havpadling, samt bruk av havpadling som friluftslivaktivitet i ulike settingar, og som ynskjer å arbeide med havpadling på ulike nivå i utdanning, gjennom frivillige organisasjonar eller i kommersiell samanheng.
Emnet fokuserer gjennomgåande på bruk av gode padleferdigheiter, som framdriftstak, sveipetak og styretak, ulike støttetak, sidevegs forflytning og ulike redningsteknikkar, inkludert eskimorulle og bruk av taueline, i skriftande vær- og sjøforhold. Det vert lagt vekt på godt sjømannskap, der planlegging av korte og lengre turar, vurdering av vær- og sjøforhold, navigering og sikker ferdsel er sentralt. Sentralt i emnet er korleis ein kan leggje til rette for gode og trygge turar og læringssituasjonar i havpadling. Det vert såleis arbeidd med ulike undervisingsmetodar og undervisingsprinsipp, samt organisering og leiing knytt til undervising og veiledning i havpadling. I samanheng med dette vil ulykkesteori, risikoanalyse og risikohandtering, samt situasjonsbestemt leiing vere gjennomgåande fokusområde. Som leiar for ei gruppe i havpadling må ein også kjenne til vanlege skader i havpadling og kunne førebygge og gjennomføre enkel behandling av desse. Teori vil hovudsakleg bli integrert i den praktiske undervisinga.
Innhaldet i emnet dekker innhaldet i Norges Padleforbund sitt «aktivitetsleiarkurs havpadling» og det vert lagt til rette for sertifisering som aktivitetsleiar i undervisinga. Etter gjennomført emne skal deltakarane ha gode kunnskapar og ferdigheiter for å arbeide som aktivitetsleiar og for å gå vidare i Norges Padleforbund sin kursstige.
Deltakarane får kursbeviset «aktivitetsleiarkurs havpadling» gjennom kursstigen til Norges Padleforbund dersom aktivitetsleiarkurset vurderast til greidd.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har god innsikt i effektive teknikkar for å handtere kajakken i ulike værforhold
- har god kunnskap om undervisingsmetodar, undervisingsprinsipp og veiledning som metode for å fremme læring i havpadling
- har god kunnskap om ulykkesteori, risikoanalyse og risikohandtering knytt til havpadling
- har kunnskap om sentralt utstyr for havpadling og kan vurdere bruken av dette i ulike situasjonar
- kjenner til vanlege skader i havpadling og risikofaktorar for desse skadene
Ferdigheiter
Studenten
- meistrar god padleteknikk, redningsteknikkar, tauing og navigering under skiftande vær- og sjøforhold
- kan nytte og tilpasse ulike undervisingsmetodar og undervisingsprinsipp i undervising og veiledning i havpadling
- kan gjennomføre risikoanalyse og planlegge og gjennomføre trygg padleaktivitet i tråd med denne
- kan utføre fyrstehjelp for vanlege skader i havpadling
Generell kompetanse
Studenten
- kan planlegge og gjennomføre undervising og turar i havkajakk for grupper på ein sikker måte i høve til vær- og sjøforhold (t.d. tilpasse organisering og leiing etter deltakarar sin kompetanse, kunne navigere og gjere gode vegval, planleggje kva utstyr som krevst og vurdere kva som er sikker aktivitet i høve til vær- og sjøforhold)
- kan reflektere om havpadling som aktivitet i ulike settingar
- kan planlegge og gjennomføre «introkurs havpadling» og «grunnkurs havpadling» etter Norges Padleforbund sin standard i kursstigen (dersom oppnådd sertifisering som aktivitetsleiar)
Krav til forkunnskapar
Fullført 60 studiepoeng friluftsliv, idrett, natur- og opplevingsbasert reiseliv eller anna relevant utdanning.
Tilrådde forkunnskapar
Studenten må ha Norges Padleforbund sitt «grunnkurs havpadling» og «teknikkurs havpadling» ved oppstart av emne.
Undervisnings- og læringsformer
Undervisinga vil i all hovudsak gjennomførast praktisk. Teori blir integrert i praksis. Deltakarane vil få ansvar for turplanlegging, samt gjennomføring av padleaktivitetar og leiing av grupper på vatnet. To lengre overnattingsekskursjonar inngår i undervisinga, der ein ekskursjon er felles i gruppa og ein ekskursjon er eigendefinert og gjennomførast gruppevis.
Praktisk undervising vert i hovudsak lagt til kysten.
Obligatorisk læringsaktivitet
Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar. Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:
1: Skriftleg innlevering og munnleg presentasjon av forslag til turplan for felles tur i gruppe, gjennomføring og individuell innlevering av skriftleg refleksjonsnotat frå ekskursjonen.
2: Skriftleg innlevering av turplan, gjennomføring og evaluering av eigendefinert ekskursjon i gruppe.
3: Gjennomføring av ekskursjon knytt til rettleiing i havpadling og innlevering av individuell skriftleg oppgåve knytt til rettleiar-rolla i havpadling.
Vurderingsform
Individuell munnleg eksamen på 30 minutt med 30 minutt førebuing.
Eksamen vil være delt i to:
- Omhandlar individuell skriftleg oppgåve knytt til rettleiar-rolla i havpadling
- Omhandlar andre delar av pensum.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Individuell skriftleg oppgåve knytt til rettleiar-rolla i havpadling.
Meir om hjelpemiddel