ING303 Systemtenking og innovasjon for ingeniørar
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet systemtenking og innovasjon for ingeniørar skal introdusera kandidaten for systemtankegang, heilskaplege innovasjons- og utviklingsprosessar samt økonomiske analysar. Gjennom førelesning og gruppebasert arbeid vil tema innan økonomi, innovasjon og "systems engineering" verte fletta saman til eit ingeniørfagleg emne som skal bidra til å sjå heilskapen i samfunnet frå eit ingeniørfagleg standpunkt.
Emnet skal mellom anna gi studenten ei innføring i innovasjon og entreprenørskap som fenomen, samt ein innføring i verktøy og metodikkar som kan nyttast til å utvikla ingeniørprosjekt. Gjennom eit større gruppeprosjekt skal studentane bruka metodikkar og verktøy frå emnet på ei problemstilling forankra i ingeniør- og teknologifaga.
Læringsutbytte
Kunnskap
- Kandidaten har naudsynte kunnskapar om metodikk og teknikkar innan systemanalyse, økonomiske analysar og innovasjonsprosessar.
- Kandidaten har forståing for modelleringsteknikkar, kravsanalyse og funksjonelle analysar samt levesyklustankegong.
- Kandidaten forstår grunnleggjande samanhengar mellom tekniske ingeniørfaglege emne og heilskapleg systemtankegong.
- Kandidaten kjenner til økonomiske analyser, kalkylar, rekneskap og ulike selskapsformer.
- Kandidaten har forståing for innovasjonars påverknad i samfunnsutviklinga.
- Kandidaten har kunnskap om innovasjon, entreprenørskap, selskapsformer og teknologiutvikling innan eige fagfelt.
Ferdigheiter
- Kandidaten kan bruka innovasjonsmetodikk i ingeniørprosjekt.
- Kandidaten kan gjennomføra systemmodellering, kravsanalyse og funksjonelle analysar.
- Kandidaten kan vurdere ulike etiske problemstillingar knytt til innovasjon, økonomi og teknisk utvikling i eit livsløpsperspektiv.
- Kandidaten er i stand til å nytte kunnskap om ulike selskapsformer, sentrale prinsipp innan marknadsføring og rekneskap til å gjennomføre prosjekt på ein god måte.
- Kandidaten kan kommunisera resultat frå analysar munnleg, skriftleg og visuelt.
- Kandidaten kan arbeida som del av ei gruppe.
Generell Kompetanse
- Kandidaten har innsikt i tverrfaglege perspektiv, og kan sjå ein tverrfagleg samanheng mellom økonomi, leiing, etikk, samfunn, miljø og teknologi.
- Kandidaten kan reflektera over eigen faglege utøvelse, også i team og i ein tverrfagleg samanheng, og kan tilpassa denne til den aktuelle arbeidssituasjonen.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar er 60 studiepoeng innan ingeniør- eller teknologifag.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesning og arbeid i grupper.
Obligatorisk læringsaktivitet
Faget har to arbeidskrav:
- Signera og levera inn samarbeidsavtale for gruppeprosjektet.
- Deltaking på innovasjonsdag med presentasjon av eigen pitch.
Arbeidskrava må vera gjennomført og godkjend før ein kan gå opp til eksamen. Godkjende arbeidskrav er gyldige i 2 semester.
Vurderingsform
Deleksamen.
Del 1: Skriftleg gruppeoppgåve (tel 70% av karakteren). Oppgåva skal være på inntil 6 000 ord (+/- 10%).
Del 2: Individuelt refleksjonsnotat (tel 30% av karakteren).
Begge delar må vere bestått for at emnet skal vere bestått.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemidler tillat
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- ING101 - Teknologileiing, økonomi og nyskaping - Reduksjon: 10 studiepoeng
- ING3054 - Prosjektarbeid i tverrfaglege team - Reduksjon: 10 studiepoeng
- OR2-302 - Ingeniørfagleg systememne - Reduksjon: 10 studiepoeng
- ING303D - Systemtenking og innovasjon for ingeniørar - Reduksjon: 10 studiepoeng