MA414 Matematikk naturfag
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Kurset gir grunnleggjande innføring i matematikk: Funksjonar av ein variabel, grenseverdiar og kontinuitet, derivasjon, maksimums- og minimumsproblem, integrasjon, eksponential-, logaritme-, potens- og trigonometriske funksjonar, trigonometri og vektorrekning, funksjonar av fleire variablar, enkle differensiallikningar og endeleg differensmetode.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studentane kjenner til:
- funksjonar av ein variabel
- eksponential, logaritmiske, potens og trigonometriske funksjonar
- trigonometri og vektorrekning
- kalkulus: derivasjon og integrasjon
- funksjonar av fleire variable
- grenseverdiar til enkel funksjonar
- enkle differensiallikningar
- differansrekning (endeleg differansmetodar)
Ferdigheiter
Studentane kan:
- utføre algebraisk manipulering av likninger som inneholder potens, brøker, eksponential, logaritmisk og trigonometriske funksjonar
- bruke differensialrekning å beregne lokale og globale maksimums- og minimumsproblem
- bruke integralrekning til å rekne volumer av revolusjon og løysa enkle differentialligninger
Generell kompetanse
- Etter fullført emne skal studentane ha eit nødvendig grunnlag i sentrale matematiske omgrep og metodar og kunne nytte dette til å løyse praktiske problemstillingar i emna seinare i studiet.
Krav til forkunnskapar
Emnet byggjer på: R1 / (S1+S2) frå vidaregåande skule.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og rekneøvingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ei skriftleg innlevering.
Arbeidskravet må være gjennomført til fastsett frist.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar. Bokstavkarakter A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Enkel kalkulator
Meir om hjelpemiddel