Hopp til innhald

MAT202 Matematikk 2

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhold og oppbygning

Dette er det andre av fleire emne som til saman dekker læringsutbytta i matematikk for graden bachelor i ingeniørfag.

Emnet si målsetting er å gi studenten eit utvida grunnlag for den matematikken ein ingeniør treng i studiet og utøvinga av si yrkeskarriere.

Innhald: Vektorrom og lineær uavhengnad; eigenverdi og eigenvektor, følger, rekker og konvergens, taylorrekker; fourierrekker; andre ordens differensiallikningar og lineære differensiallikningar av første orden; system av lineære differensiallikningar med to variable; funksjonar av fleire variable; dobbeltintegral; Laplace-transformasjon.

Læringsutbytte

Emnet presenterer vidaregåande emne i matematikk og viser korleis matematikk blir integrert i ingeniørfagleg problemløysing.

Kunnskap

  • Etter å ha fullført dette emnet, kan kandidaten identifisere og løyse problem relatert til delemne i innhald og har kjennskap til matematisk programvare.

Ferdigheter

  • Kandidaten kan velje matematiske metodar og utføre utrekningar innanfor emnet sine tema.
  • Kandidaten kan forstå, grunngi og vurdere sine utrekningar.
  • Kandidaten kan bruke differensiallikningar og differensiallikningssystem til å modellere og analysere ingeniørfaglige problem.

Generell kompetanse

  • Kandidaten har matematisk forståing som er nødvendig for yrkesutøving og vidare fagleg oppdatering.
  • Kandidatane kan bruke sin matematiske kunnskap, om nødvendig med bruk av matematisk programvare.

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Matematikk 1 eller tilsvarende

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing og øvingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Fire obligatoriske øvingar må vere gjennomført til fastsette fristar og godkjent før eksamen kan gjennomførast.

Godkjente øvingar gir også tilgang til eventuell ny eksamen i eit påfølgande semester.

Etter det må nye øvingar leverast.

Vurderingsform

Skriftlig eksamen, 5 timer. Karakterskala A-F, der F tilsvarer ikke bestått.

Hjelpemidler ved eksamen

Formelark. Enkel kalkulator. Godkjente kalkulatorar er: Casio fx-82 (Alle typer: ES, ES Plus, EX, Solar etc.)

Mer om hjelpemidler