MGUSA231 Samfunnsfag 1, emne 2 - Innføring i samfunnsfag 2
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Lærarutdanningsfaget samfunnsfag skal førebu studentane til profesjonsrolla som samfunnsfaglærar på mellom- og ungdomstrinnet, med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggjande ferdigheiter og kompetansemål på mellom- og ungdomstrinnet. Sentralt i studiet står elles arbeid med tilpassa opplæring og vurdering.
Samfunnsfagsstudiet i grunnskulelærarutdanninga er internasjonalt orientert både i innhaldet og i formidlinga av faget. Faget inneheld elles ei balansert innhaldsfordeling mellom geografi, historie og samfunnskunnskap.
Innhald i emnet er sentrale tema i kunnskapsområda, historie, geografi og samfunnskunnskap. Det vert lagt vekt på korleis studenten ved hjelp av fagdidaktikk kan formidle desse temaa i skulen.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om vitskaplege teoriar og metodar i geografi, historie og samfunnskunnskap
- har kunnskap om fagdidaktisk teori og forsking i samfunnsfaget i skulen som er særleg knytta til grunnleggjande ferdigheiter, tilpassa opplæring, vurdering og arbeid med kompetansemål i samfunnsfag på mellom- og ungdomstrinnet
- har kunnskap om menneskerettar, medborgarskap, demokrati og demokratiseringsprosessar
- har kunnskap om ideologiar, makt og politiske system
- har kunnskap om konfliktar og samarbeid i geografisk, historisk og samfunnsvitskapleg perspektiv
- har kunnskap om samspelet mellom befolkning, mobilitet og globalisering
- har kunnskap om digitale kjelder og kjeldekritikk
Ferdigheiter
Studenten
- kan reflektere over ulike dimensjonar ved demokratiomgrepet og legge til rette for demokratisk praksis i skulen
- kan leie læringsprosessar med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggande ferdigheiter og kompetansar og sikre progresjon i opplæringa
- kan finne, vurdere og tolke ulike typar kjelder for å legge til rette for gode læringsprosessar
- kan reflektere over planlegging, leiing og vurdering av læringsarbeid som grunnlag for læringsretta tilbakemelding
Generell kompetanse
Studenten
- kan reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål
- har overblikk over periodar og utviklingsmønster og kan gjere greie for korleis historie og kultur blir konstruert
- kan reflektere sjølvstendig og kritisk over fagdidaktiske spørsmål knytt til opplæringa på mellom- og ungdomstrinnet
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Dette emnet blir tilbydt som vestlandsklasse. Undervisninga vil bli lagt opp med digital undervisning og fysiske samlingar på campus.
Obligatorisk læringsaktivitet
Emnet har tre obligatoriske læringsaktivitetar.
Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for eventuelle obligatoriske læringsaktivitetar.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være fullført innan fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.
Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (éin gong) eller utføre alternativ læringsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må vere i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden startar.
Vurderingsform
Skuleeksamen, 6 timar.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemiddel.
Meir om hjelpemiddel