PL417 Arealplanlegging
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Innføring i kommunal planlegging etter plan- og bygningslova med hovudvekt på kommuneplanens arealdel og bærekraftig planlegging i distriktskommuner. Politiske målsettingar, lovgrunnlag og metoder for fysisk planlegging vert gjennomgått med vekt på krav til innhald, plansystem og planprosessar.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studentane kjenner til:
- sentrale problemstillingar i fysisk oversiktsplanlegging og utfordringar knytt til berekraftig planlegging.
- kommunen sine oppgåver, roller og plass i styringssystemet.
- Plan- og bygningslova; plansystemet og krav til planinnhald, utgreiingar og planprosessar på kommuneplannivå.
Ferdigheiter
Studentane kan:
- utarbeide grunnlagsmateriale til kommunale planar.
- utføre ROS-analyse for naturfarer og konsekvensutgreiingar på kommuneplannivå.
Generell kompetanse
Studentane kan:
- forstå, vurdere og bruke kommuneplanar.
- delta i planprosessar.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Emnet byggjer på GE-413 Kartlære og GIS og PL 416 Landskapsanalyse
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og øvingar.
Synfaring
Individuell oppgåve
Praktisk prosjektarbeid i gruppe.
Obligatorisk læringsaktivitet
1) Individuell oppgåve over to-tre veker der ein skal hente ut info frå kommuneplanar og gjere enkel Ros-analyse av naturfarar i eit sjølvald område.
2) Øving og gruppeoppgåve med konsekvensutgreiing av framlegg til nye utbyggingsområde i kommuneplanen sin arealdel (KPA) i eit konkret case.
Begge oppgåvene må leverast på canvas innan fastsett frist og vere godkjente for å kunne gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.
Karakaterskala: A-F
Hjelpemiddel ved eksamen
Lærebok og førelesingsnotatar
Nødvendige nettsider vil bli gjort tilgjengeleg
Meir om hjelpemiddel