Hopp til innhald

PPUY307 Praksis 1

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Praksisemnet er ein obligatorisk del av utdanninga og består av totalt 30 dagar rettleia og vurdert praksis. I tillegg skal studentane delta på praksisførebuing i regi av HVL. Studentane skal gjere seg kjend med innhaldet i denne emneplanen og retningslinjene for praksisstudiet på nettsida for praksis.

I dette praksisemnet er hovudtema lærarrolla, læringsleiing, vurdering og yrkesfaglæraren si tilrettelegging for læring. Studentane skal begynne å utvikle eigen læraridentitet og relasjonskompetanse.

Læringsutbytte

Ved fullført praksisemne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:

Kunnskap og ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke sin yrkeskompetanse, og planlegge, grunngje, leie og dokumentere relevant yrkesopplæring som er tilpassa eleven/lærlingen sitt behov og yrkesinteresser, med tanke på å fullføre yrkesutdanninga
  • kan leie opplæring der elevar/lærlingar deltek i planlegging, gjennomføring og vurderingsarbeid
  • kan leie læreprosessar som fremjar praktisk, differensiert og tilpassa opplæring på mangfaldige og teknologirike læringsarenaer
  • kan byggje gode relasjonar og tilpasse opplæringa til eleven/lærlingen sine interesser, behov og utdanningsplanar
  • kan gjennomføre vurderingsarbeid i samsvar med forskrifter, nyare forsking og utviklingsarbeid på feltet
  • kan bruke relevante digitale læremiddel i opplæringa
  • kan gjere greie for, og vurdere sitt eige pedagogiske grunnsyn i samtale med praksislærar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

-

Undervisnings- og læringsformer

I byrjinga av praksisperioden skal studenten observere praksislærar sin undervisning, og eventuelt bli involvert som medlærar når praksislærar eller andre har undervisningsansvaret. Videre skal studenten sjølvstendig planlegge, gjennomføre og vurdere eigen undervisning. Så langt det er mogleg følger studenten arbeidsdagen og arbeidsoppgåvene til praksislærar. Dette inkluderer teamarbeid, møter, skule-heim-samarbeid og andre relevante arbeidsoppgåver.

Etter avtale med praksislærar skal studenten levere eit planleggingsdokument når studenten har ansvar for undervisning. Praksislærar skal få planleggingsdokumentet i god tid før undervisninga slik at studenten kan få rettleiing i forkant av undervisningsøkta.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane skal gjennomføra og få godkjend følgande læringsaktivitet i emnet:

  • Studenten skal levere tre av de nemnte planleggingsdokumenta i HVL si læringsplattform.

Vurderingsform

30 dagar rettleia og vurdert praksis fordelt på haust og vår. Det er krav om at studenten er 100 % til stades.

Sluttvurdering vår: bestått/ikkje bestått. 

Praksislærar og høgskulelærar har eit felles ansvar for rettleiing og vurdering av studenten.

Studenten skal få ei individuell skriftleg sluttvurdering.

Studenten kan ikkje klage på vurderingsresultat i praksis. Dersom praksis blir vurdert til ikkje bestått, kan studenten gjennomføre andre forsøk neste gong emnet går ordinært. Dette kan påverke studenten sin studieprogresjon. 

Hjelpemiddel ved eksamen

-

Meir om hjelpemiddel