SAB390 Bacheloroppgåve
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
I dette emne skal studentane tileigne seg kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse i akademisk skriving av ei sjølvstendig fordjupingsoppgåve. Val av tema og problemstilling skal ha sosialfagleg relevans og drøftast i lys av relevant teori og forsking. Sjølvstudium vert vektlagd som læringsform i emnet kor det vil bli gitt tilbod om rettleiing i tillegg til deltaking på ein rettleiingstime. Det blir undervisning i skriving av bacheloroppgåve og arrangert oppgåveseminar.
Bacheloroppgaven skrives i tråd med Rettleiar for bacheloroppgåve ved FHS. En veiledningsavtale skal inngås i starten av arbeidet med bacheloroppgaven. Avtalen skal signeres av student og veileder.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap: Studenten...
- har brei kunnskap om teoretiske perspektiv, erfarings- og brukarkunnskap i sosialt arbeid.
- kjenner til faget sine vitskapsteoretiske posisjonar, og kunnskapsutvikling.
- kjenner til samfunnsvitskapeleg metode og den sine mogelegheiter og avgrensingar.
- kjenner til forskings- og utviklingsarbeid relevant for sosialt arbeid, nasjonalt og internasjonalt.
Ferdigheiter: Studenten...
- kan anvende forskingsbasert, erfaringsbasert og brukarbasert kunnskap i oppgåveskriving.
- kan finne, vurdere og vise til relevant informasjon og fagstoff, samt framstille dette skriftleg.
Generell kompetanse: Studenten...
- har innsikt i og kan reflektere kritisk over sin profesjonelle rolle i møte med institusjonelle og politiske krav.
- kan formidle faget og bidra til utvikling av god praksis.
- kan formidle faglig kunnskap som fremmer likeverd og mangfald og bidrar til likestilling, inkludering, mestring og deltaking i kvardag, skule og arbeidsliv.
Krav til forkunnskapar
For å kunne levere bacheloroppgaven må alle emner i 1. og 2. studieår, samt 5. semester være bestått. I tillegg må studenten ha eksamensrett i SAB320.
Undervisnings- og læringsformer
Det vert nytta plenumsundervisning, bruk av læringsressurser i canvas, seminar, undervisning og praktisk øving i litteratursøk i samarbeid med biblioteket, work-shops.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Godkjent prosjektplan. Omfang inntil 1500 ord.
- Deltaking i oppgaveseminar med rettleiing på prosjektplan.
- Deltaking i minimum ein individuell rettleiing.
Spesifikke krav til deltaking går fram av informasjonshefte for emnet.
Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i fire semester.
Vurderingsform
Oppgåve Bacheloroppgåva skal maksimalt vere på 8000 ord. Tittelside, innhaldsliste, samandrag, referanseliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg.
Bacheloroppgåva skal synliggjere i kva grad studenten oppnår læringsutbyte for emnet, og i kva grad studenten nyttar vitskapeleg metode og kan jobbe systematisk med ein fagleg problemstilling.
Vurderingsuttrykk Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.
Ny eksamen Ved ikkje bestått (karakter F) leverer studenten omarbeidd, skriftleg besvarelse til ny eksamen i påfølgande semester.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemidlar tillaten, men det vert køyrd plagiatkontroll.
Meir om hjelpemiddel