SYKF360P Praksisstudie, Fagleg leiing, tenesteutvikling og innovasjon
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet er eit rettleia praksisstudie kor studenten skal tileigne seg innsikt i sjukepleiaren sin funksjon knytt til fagleg leiing, tenesteutvikling og innovasjon i helsetenesta. Innsikta skal bidra til å kunne kritisk vurdere, prioritere og grunngje sjukepleie- og organisatoriske tiltak både på individ- og systemnivå. Studenten skal kunne identifisere behov for tverrprofesjonell samhandling i tenestene, fagleg leiing og koordinering, dokumentasjon og informasjonsoverføring for å ivareta og sikre kvalitet i tenestene. Studenten skal nytte denne kunnskapen i eit kvalitetsutviklings-, forbetrings- eller innovasjonsprosjekt.
Emne kan gjennomførast i kommune- eller spesialisthelsetenesta.
Emnet sitt arbeidsomfang er rekna til 202,5 timar. 150 av desse timane er knytt til pasientretta arbeid. Dei resterande timane er knytt til obligatoriske læringsaktivitetar og sjølvstudium. Det er krav om 90% deltaking i praksis.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten...
- kjenner til verktøy og metodar for å drive innovasjonsprosessar, implementering og kontinuerleg forbetringsarbeid
- har kunnskap om fagleg leiing og organisering av helsetenesta
Ferdigheiter:
Studenten…
- kan nytte oppdatert kunnskap om helse- og velferdssystemet, lover, regelverk og rettleiingsdokument i si tenesteutøving
- kan reflektere over eksisterande rutinar og metodar, og kan ta initiativ til dialog om implementering av ny kunnskap og nye arbeidsmetodar
- kan finne og vurdere risikofaktorar knytt til system og miljø, samt dokumentere, og systematiske følge opp dette og sette i verk relevante tiltak
Generell kompetanse:
Studenten…
- kan leie og prioritere oppgåver i sjukepleietenesta
- har innsikt i kvaliteten på sjukepleia og dei tenestene pasientane/brukarane tek i mot, og kan justere eiga profesjonsutøving
- har innsikt i teknologi og digitale løysingar si påverknad av tenesteutøvinga
- kan planlegge og gjennomføre målretta tiltak for å redusere uønskte hendingar og variasjon i helsetenesta
- kan planlegge og gjennomføre kvalitetsutviklingsarbeid og tenesteutvikling i samarbeid med pasientar, pårørande og anna helsepersonell
- kan formidle fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid i teoretiske og praktiske problemstillingar både skriftleg og munnleg, og kan treffe grunngjevne val i tråd med kunnskapsbasert praksis
- kan formidle synspunkt og dele erfaringar med andre innanfor fagområdet både skriftleg og munnleg, og gjennom dette bidra til god praksis
- kjenner til kvalitetsutfordringar på system- og/eller oppgåvenivå som krev innovasjon
Krav til forkunnskapar
SYK100, SYK130, SYK120P, SYK140, SYK200, SYK220P, SYK230P
Tilrådde forkunnskapar
SYK110, SYK250, SYK300
Undervisnings- og læringsformer
- Arbeid i grupper
- Multimodale ressursar
- Formidling frå studentar
- Rettleiing
- Oppgåveløysing
- Eigenvurdering
- Skriftleg arbeid
- Sjølvstudium
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgende obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent før kandidaten kan framstille seg til sluttvurdering:
1. Obligatorisk deltaking i undervisning som er knytt til praksisførebuing, ferdigheitstrening og simulering. Krav om 90% deltaking.
Obligatoriske læringsaktivitetar er gyldige i fire semester. Ved fravær fra obligatoriske læringsaktivitetar gjelder samme regler som for fravær i praksis jfr forskrift om studium og eksamen ved HVL.
Vurderingsform
Praksisstudiet vurderast til bestått/ikkje bestått etter ei avsluttande vurdering av kandidaten sin prestasjon i praksisperioden. For å bestå praksis må kandidaten ha nådd læringsutbytta og oppfylt kravet om 90% deltaking i praksis.
Ny praksis
Vurderast praksis til ikkje bestått vil ny praksisperiode gjennomførast saman med neste kull.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- SK159 - Førebuing til yrkeslivet - Reduksjon: 7,5 studiepoeng