Hopp til innhald

KAS520 Leiing, samhandling, tenesteutvikling og innovasjon

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet tek for seg ulike perspektiv og aspekt ved leiing, samhandling, tenesteutvikling og innovasjon. Emnet belyser korleis styringsformer og rammer slik som organisatoriske, kulturelle og strukturelle forhold i helse- og omsorgstenestene påverkar moglegheitene for å leie, koordinere, forbetre og innovere innanfor disse tenestene. Emnet legg også vekt på korleis ein sjukepleiar kan samarbeide med ulike profesjonar, brukarar, pårørande og andre for å rettleie i endringsprosessar og koordinere tenester. I tillegg vektleggast etiske problemstillingar i samband med endringsprosessar, mellom anna når ein tek i bruk ny kunnskap og nye teknologiske løysningar. Vi legg vekt på at studentane skal delta aktivt slik at dei utviklar seg til å bli sjølvstendige og kunne analysere, finne fram til og setje i verk ulike tiltak for å leie og forbetre helse- og omsorgstenestene.

Læringsutbytte

Ein student med fullført kvalifikasjon har følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Studenten…

  • har inngåande kunnskap om korleis styringsformer og rammer, mellom anna organisatoriske, kulturelle og strukturelle forhold, kan påverke tverrsektoriell og tverrprofesjonell samhandling, koordinering av tenester og sjukepleiefagleg yrkesutøving.
  • har inngåande kunnskap om ulikskap i helse, utforming av ulike helsesystem og ulikskap når det gjeld tilgang til helsetenester i eit komparativt internasjonalt perspektiv.
  • har avansert kunnskap om endringsleiing, fagutvikling, forbetring og innovasjon av tenester.
  • har inngåande kunnskap om korleis ny kunnskap og innovasjonar, til dømes nye teknologiske løysingar, kan innførast og takast i bruk.
  • har inngåande kunnskap om inkludering, likestilling og ikkje-diskriminering, mellom anna når det gjeld rettane til samar og andre minoritetar.
  • har inngåande kunnskap om forsvarleg prioritering av helsehjelp i lys av nytte, tilgjengelege ressursar og alvorsgrad.

Ferdigheiter: Studenten...

  • kan bruke kunnskap systematisk for å sjå behov for forbetring og innovasjon innanfor tenestene.
  • kan evaluere verknader av implementeringsarbeid, mellom anna implementering av tiltak som skal sikre pasienttryggleik, og peike på risikofaktorar.
  • kan peike på og reflektere over etiske problemstillingar når det gjeld forbetring av tenester.
  • kan analysere faglege problemstillingar, bidra i diskusjonar om utvikling av yrkesrolla og rettleie studentar.

Generell kompetanse: Studenten…

  • kan bruke kunnskapar om helse- og omsorgstenestene - korleis dei er bygde opp, korleis dei er organiserte, kva rammer dei har, korleis dei blir styrte, og kva lovverk som gjeld -for å leie sjukepleiefaglege tenester.
  • kan ta i bruk kunnskap om innovasjons- og forskingsarbeid for å forbetre helse- og omsorgstenestetilbodet generelt og sjukepleietilbodet spesielt
  • kan peike på behov for, og kritisk vurdere, utviklings- og forbetringsarbeid med utgangspunkt i fagkunnskap, forskingskunnskap, brukarkunnskap og erfaringskunnskap.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

KAS500 Avansert allmennsjukepleie til pasientar med akutte og kritiske helseproblem

MAMET1SKA Vitenskapsteori, etikk og metode

KAS510  Avansert klinisk allmennsjukepleie til pasientar med samansette og langvarige helseproblem

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er nettbasert.

Arbeidsformene er sjølvstudium, digitale forelesingar, gruppearbeid, diskusjon, ferdigheitstrening og kritisk refleksjon individuelt og i grupper.

Studenten vil få og levere oppgåver i Canvas, og studenten vil også kommunisere med både medstudentar og lærarar på denne læringsplattforma.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må være godkjend før studenten kan framstille seg til eksamen:

Emnet har ein obligatorisk læringsaktivitet som er delt i tre:

a) Individuelt refleksjonsnotat  b) Gruppearbeid basert på refleksjonsnotata c) Presentasjon av gruppearbeidet med tilbakemelding frå medstudentar og lærar

Dei obligatoriske læringsaktivitetane er teljande i tre påfølgande semestre.

Vurderingsform

Individuell oppgåve med eit omfang på 3500 ord +/- 10 %.

Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.

Ny eksamen

Ved ikkje bestått eksamen, kan studentane levere ein omarbeidd versjon av oppgåva til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel