MAT202 Matematikk 2
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhold og oppbygning
Dette er det andre av fleire emne som til saman dekker læringsutbytta i matematikk for graden bachelor i ingeniørfag.
Emnet si målsetting er å gi studenten eit utvida grunnlag for den matematikken ein ingeniør treng i studiet og utøvinga av si yrkeskarriere.
Innhald: Vektorrom og lineær uavhengnad; eigenverdi og eigenvektor, følger, rekker og konvergens, taylorrekker; fourierrekker; andre ordens differensiallikningar og lineære differensiallikningar av første orden; system av lineære differensiallikningar med to variable; funksjonar av fleire variable; dobbeltintegral; Laplace-transformasjon.
Læringsutbytte
Emnet presenterer vidaregåande emne i matematikk og viser korleis matematikk blir integrert i ingeniørfagleg problemløysing.
Kunnskap
- Etter å ha fullført dette emnet, kan kandidaten identifisere og løyse problem relatert til delemne i innhald og har kjennskap til matematisk programvare.
Ferdigheter
- Kandidaten kan velje matematiske metodar og utføre utrekningar innanfor emnet sine tema.
- Kandidaten kan forstå, grunngi og vurdere sine utrekningar.
- Kandidaten kan bruke differensiallikningar og differensiallikningssystem til å modellere og analysere ingeniørfaglige problem.
Generell kompetanse
- Kandidaten har matematisk forståing som er nødvendig for yrkesutøving og vidare fagleg oppdatering.
- Kandidatane kan bruke sin matematiske kunnskap, om nødvendig med bruk av matematisk programvare.
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Matematikk 1 eller tilsvarende
Undervisnings- og læringsformer
Førelesing og øvingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Fire obligatoriske øvingar må vere gjennomført til fastsette fristar og godkjent før eksamen kan gjennomførast.
Godkjente øvingar gir også tilgang til eventuell ny eksamen i eit påfølgande semester.
Etter det må nye øvingar leverast.
Vurderingsform
Skriftlig eksamen, 5 timer. Karakterskala A-F, der F tilsvarer ikke bestått.
Hjelpemidler ved eksamen
Formelark. Enkel kalkulator. Godkjente kalkulatorar er: Casio fx-82 (Alle typer: ES, ES Plus, EX, Solar etc.)
Mer om hjelpemidlerFaglig overlapping
- MAT201 - Matematikk 2 for kjemiingeniør - Reduksjon: 10 studiepoeng
- MAT203 - Matematikk 2 for brann-, bygg-, HMS- og maskiningeniørar - Reduksjon: 10 studiepoeng
- MAT105 - Vidaregåande matematikk for byggingeniørar - Reduksjon: 10 studiepoeng
- MAT103 - Vidaregåande matematikk for kjemiingeniørar - Reduksjon: 10 studiepoeng
- MAT106 - Vidaregåande matematikk for elektroingeniørar - Reduksjon: 10 studiepoeng
- MAT107 - Vidaregåande matematikk for maskiningeniørar - Reduksjon: 10 studiepoeng
- ING1021 - Rekkjer og funksjonar av fleire variablar - Reduksjon: 10 studiepoeng
- MA2-200 - Matematikk 2 - Reduksjon: 10 studiepoeng
- MAT202D - Matematikk 2 - Reduksjon: 10 studiepoeng
- MAT107 - Vidaregåande matematikk for maskiningeniørar - Reduksjon: 20 studiepoeng