Hopp til innhald

ME420 Statistikk

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Studentane får øving i  utforsking og analyse av ulike typar data, tolking av mønster i dataene ved hjelp av statistiske testar, frå enkle klassiske testar som t-test, wilcoxon rank sum test, og korrelasjon, til meir avansert teknikker som ANOVA og regresjon. Studentane får også øving i estimering av usikkerhet / konfidensintervall, eksperimentell design, planlegge innsamling og presentasjon av data. Det blir også undervist i bruken av programmet R.

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter fullført emne skal studentane:

  • forstå kor viktig statistikk er i forsking
  • forstå nokre av dei viktigaste prinsippa bak statistikk
  • kunne betrakte omverda meir objektivt med tanke på mønster og trendar

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal studentane:

  • kunne anvende nokre grunnleggande statistiske metodar på ulike datasett
  • kunne planlegge feltarbeid til bacheloroppgåve med tanke på god statistisk behandling
  • kunne bruke den mest vanlege statistiske programvara

Generell kompetanse

Etter fullført emne skal studentane:

  • kunne tenke kritisk i forhold til presentert statistikk i media, rapportar og vitskaplege artiklar
  • kunne betrakte omverda meir objektiv med tanke på mønster og trendar
  • kunne utføre statistiske analysar som er nødvendig f.eks i bacheloroppgåver.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og seminar (ca. 1/4) og øvingar (ca. 3/4). Studentane treng eigen datamaskin til øvingar

Obligatorisk læringsaktivitet

1) Kort essay levert i slutten av veke 1. Studentane skal gjere greie for forsøksdesignet til eit prosjekt som dei gjennomfører i løpet av kurset.

2) Studentene sender inn prosjektdataene sine i slutten av veke 4.

3) To fullførte øvingar om bruk av ANOVA og regresjon som skal vere ferdig innen utgangen av veke 4.

Vurderingsform

Munnleg eksamen, 15 minuttar

Studentane leverer ein videopresentasjon for prosjekt sitt, der dei forklarer metodane dei valde for å analysere og tolke data, og drøftar alternative metodar, og blir deretter stilt spørsmål om det.

Karakterskala: A-E/F (stryk)

Hjelpemiddel ved eksamen

Eigen datamaskin, pensumboka, osv

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ME420 - Statistikk med bruk av programvare - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • ME420 - Statistikk med bruk av programvare - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • ME420 - Statistikk for naturfag - Reduksjon: 19 studiepoeng