Hopp til innhald

MGUPE101 Pedagogikk og elevkunnskap, emne 1 - Lærarrolla og elevane si læring og utvikling

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Pedagogikk og elevkunnskap er eit kulturfag som skal gje studentane god forståing for læraren og skulen si rolle i samfunnet. Kjerneområda i faget dreiar seg om oppseding, utdanning og danning.

I dette emnet er det didaktiske møtet mellom elev, lærar og lærestoff sentralt. Kandidaten skal få kunnskap om den sosiale, faglege og personlege læringa og utviklinga til elevane, og innsikt i korleis ein legg til rette for gode læringsprosessar hjå elevane. Emnet er det første av fire emne i faget pedagogikk og elevkunnskap, og er lagt til haustsemesteret første studieår. Tema i emnet:

  • Introduksjon til pedagogikk som fag og forskningsfelt nasjonalt og internasjonalt
  • Danning, oppseding og utdanning
  • Didaktikk
  • Lærarrolla og klasseleiing
  • Læring, motivasjon og utvikling

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om skulen sitt mandat og pedagogisk grunnlagstenking
  • har kunnskap om læring, motivasjon og barn og unge si utvikling
  • har kunnskap om sentrale didaktiske prinsipp og varierte arbeids og vurderingsformer for elevane
  • har kunnskap om klasseleiing og korleis læraren sin relasjonskompetanse kan påverke læringsmiljøet
  • har kunnskap om observasjon som metode

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte forskings- og teoribasert kunnskap om læring, utvikling og klasseleiing
  • kan planlegge, analysere og vurdere ulike undervisningssituasjonar
  • kan planlegge og gjennomføre systematisk observasjon og analysere data frå observasjon

Generell kompetanse

Studenten

  • kan drøfte forskings - og teoribasert kunnskap og gjere koplingar mellom teori og praksis

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Det vil vere varierte undervisningsformer med vekt på studentaktivitet i dette emnet. Dette kan til dømes vere ulike øvingar, både munnlege og skriftlege, organisert individuelt eller i grupper, seminararbeid og vurderingsarbeid som involverer studentane. Det er ein føresetnad at studentane arbeider med lærestoffet på eiga hand.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Det er obligatorisk oppmøte i seminar, ulike øvingar og arbeid i grupper. Fråværsgrensa er 20%.
  • 1 individuell akademisk tekst (maks 1500 ord)
  • 1 munnleg framføring
  • 1 skriftleg observasjonsoppgåve knytt til pedagogisk praksis (maks 1500 ord)

Dei obligatoriske læringsaktivitetane vil bli knytt opp mot læringsutbytteformuleringane i emnet. Meir informasjon om læringsaktivitetane vil bli gitt ved semesterstart.

Studentar som ikkje får godkjent dei skriftlege og/eller den munnlege læringsaktivitetane vil få eitt (1) nytt forsøk i inneverande semester. Læringsaktivitetane må vere fullført og godkjende innen fastsette fristar for at studenten skal kunne ta eksamen.

Vurderingsform

Skuleeksamen, 6 timar.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel