Hopp til innhald

PPUY306 Skulen i samfunnet - leiing av lærings- og utviklingsarbeid i eit organisasjons- og samfunnsperspektiv

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Hovudtema i emnet er skulen i eit organisasjons- og samfunnsperspektiv og pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid. Eit sentralt område er difor samarbeid med føresette, nærmiljø, nærings- og arbeidsliv og andre relevante instansar i og utanfor skulen. Det vert lagt vekt på heilskap og samanheng i studiet gjennom integrering av fag, pedagogikk, yrkesdidaktikk og praksis. Eit berande element i gjennomføringa av emnet er studenten som forskar i eigen yrkesfagleg og yrkesdidaktisk praksis.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbyte:

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om gjeldande lovverk og styringsdokument som er relevante for profesjons- og yrkesutøvinga
  • kjenner til nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid med relevans for lærarprofesjonen innanfor det yrkespedagogiske og det yrkesfaglege området, og kan oppdatere kunnskapen sin innanfor fagområdet
  • har brei kunnskap om ungdomskultur og ungdom si utvikling og læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekstar 
  • har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjonar, herunder kunnskap om vald og seksuelle overgrep mot barn og unge, om deira rettar i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv, og om korleis sette i gang nødvendige tiltak etter gjeldande lovverk

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan planleggje, begrunne, gjennomføre, leie, vurdere og dokumentere relevant fag- og yrkesopplæring tilpassa elevane/lærlingane sine behov
  • kan orientere seg i faglitteraturen og forhalda seg kritisk til informasjonskjelder og eksisterande teoriar knytt til ungdomstrinnet og fag- og yrkesopplæringa (8-13.trinn)
  • kan bruke og vise til relevante forskingsresultat for å treffe grunngjevne val og gjennomføre systematisk yrkesfagleg og pedagogisk utviklingsarbeid
  • kan identifisere særskilde behov hjå barn og unge, inkludert identifisere teikn på vald eller seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglege vurderingar skal studenten kunne etablere samarbeid med aktuelle tverrfaglege og tverretatlege samarbeidspartnarar til det beste for barnet

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan analysere eigne behov for kompetanseheving og viser endrings- og utviklingskompetanse for å møte framtidige behov i skule, arbeids- og samfunnsliv
  • kan legge til rette for entreprenørskap, nytenking og innovasjon, og at lokalt arbeids-, samfunns- og kulturliv vert involvert i opplæringa
  • kan bygge gode relasjonar til- og samarbeide med føresette og andre aktuelle samarbeidspartnarar

I tillegg legg PPUY ved HVL vekt på følgjande utbytebeskrivingar

  • Studenten kan sjå yrkesopplæringa og yrkesutøvinga i eit historisk, kulturelt, notidig og framtidsperspektiv
  • Studenten kan vurdere og kombinere metodiske verktøy på ein måte som leier til ei forskande tilnærming og utvikling av eigen praksis

Krav til forkunnskapar

PPUY305 Ledelse av læreprosesser - ledelse av lærings- og utviklingsarbeid i et individ- og gruppeperspektiv

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringformer kan mellom anna vera førelesingar, gruppearbeid, erfaringsdeling, praksisobservasjon, problembasert arbeid, undersøkande forskings- og utviklingsretta læringsarbeid, prosjektarbeid, seminar med presentasjonar, prosessorientert oppgåveskriving, rettleiing, medstudentrespons. Studiet er støtta av digitale verktøy.

Studentane vert inviterte til ei kontinuerleg vurdering av studieopplegget gjennom systematisk erfaringsutveksling med lærarar og medstudentar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane skal gjennomføre og bestå 3 obligatoriske læringsaktivitetar i emnet:

  • Læringsaktivitet 1 er ein feltrapport i samband med ungdomsskolepraksisen. Medstudenvurdering.
  • Læringsaktivitet 2 er utforming av prosjektskildring knytt til FoU-oppgåva
  • Læringsaktivitet 3 er obligatorisk oppmøte på samlingar. Det ligg inne studentaktivitet i form av for eksempel gruppearbeid, drøftingar, presentasjonar og øvingar på alle samlingane.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere gjennomført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsform

  • Del 1: Skriftleg FoU-oppgåve. Tel 50% av endeleg karakter.
  • Del 2: Munnleg individuell eksamen. Tel 50% av endeleg karakter.

Munnleg eksamen varer omlag 30 minutt.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Begge delane må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som er ikkje bestått takast opp att individuelt.

Det er mogeleg å levere forbetra versjon (del 1) i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny FoU-oppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

FoU-oppgåve: Alle hjelpemiddel tillate.

Munnleg eksamen: Ingen hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel