Hopp til innhald

PSBU103 Organisering og samordning av tenestetilboda til barn og ungdom

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Dette emnet omhandlar tverrfagleg og tverretatleg samarbeid, og skal gje kunnskap om korleis kommunane organiserer tenestetilboda til barn og ungdom, og korleis ulike samarbeidsstrukturar hemmar eller fremjar vilkår for samarbeid på tvers av profesjonar og etatar.

Innhald/oppbygging:

  • Overordna konvensjonar, lover og føreskrifter
    • menneskerettar, barnekonvensjonane, barnehagelova, barnevernlova, lov om barn og familie, lov om helsepersonell, lov om kommunehelsetenesta, lov om sosiale tenester, opplæringslova, pasient-rettigheitslova, psykisk helsevernlova, forskrift om individuell plan
  • Teieplikt i praksis
    • vern eller hinder
  • Individuell plan
    • brukarstyrte tenester
  • Organisering og samordning av kommunale, fylkeskommunale, regionale og statlege tenester til barn og ungdom
  • Frivillig tenestearbeid, sjølvhjelp og brukarstyrte tiltak
  • Utvikling av heilskaplege, koordinerte tenester til barn og ungdom
    • tiltaksoversikt og tiltaksorientering i praksis
  • Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
    • om samarbeid og ansvarsdeling både i og mellom tenester på ulike forvaltingsnivå
  • Samarbeidskunnskap
    • om ulike faggrupper sine kunnskapar og ansvarsområde
  • Utviklande prosjektarbeid

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne har følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskap:
Studenten...

  • har inngåande kunnskap om lover og forskrifter og andre samfunnsmessige tilhøve som regulerer og styrer psykososialt arbeid med barn og ungdom
  • har inngåande kunnskap om oppbygging av tenestetilbodet lokalt, og om regionale tiltak som har til hensikt å betre barn og unge si psykiske helse
  • har inngåande kunnskap om betydinga av samanhengande og heilskapleg tenestetilbod til barn, unge og familiar i krise
  • har inngåande kunnskap om korleis rolla som brukar/klient/pasient opplevast for den enkelte og hans/hennar familie

Ferdigheiter:
Studenten...

  • kan bruke tenestetilbodet sin oppbygging lokalt og nasjonalt.
  • kan anvende metodar som fremjar brukarmedverknad, meistring og myndiggjering på individ- og gruppenivå.
  • kan identifisere og drøfte etiske dilemma.
  • kan gjennomføre prosjektarbeid på eigen eller liknande arbeidslass, og  i tråd med gjeldande forskingsetiske retningsliner
  • kan formidle kunnskap og erfaring på ein sakleg og forståeleg måte  som legg grunnlag for akademisk skriftleg presentasjon

Generell kompetanse:
Studenten...

  • kan utøve praksis i samsvar med lover, forskrifter og andre samfunnsbestemte forhold som regulerer og styrer det psykososiale arbeidet overfor barn, ungdom, unge vaksne og familiar
  • kan ta initiativ til å opprette og delta i tverrfaglige kompetansegrupper som varetar heilskaplege tenestetilbod til barn, ungdom, unge vaksne og deira familiar
  • kan analysere korleis ulike samarbeidsstrukturar hemmar eller fremjar føresetnadene for samarbeid på tvers av profesjonar og etatar
  • kan systematisere og formidle omfattande sjølvstendig arbeid, og beherske uttrykksformene i fagområdet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

PSBU101 og PSBU102

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar fysisk og digitalt via Zoom, sjølvstudium og obligatoriske læringsaktivitetar, oppgåveskriving. Rettleiing i tverrfaglege rettleiingsgrupper.

Studenten vert også oppmoda om å hospitere ved andre arbeidsstadar, og / eller ved institusjonar som arbeider med, eller forskar innanfor feltet barn og unge.

HVL nyttar Canvas som læringsplattform.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivetar må vere godkjende før studenten kan framstille seg for sluttvurdering:

1. 75% obligatorisk oppmøte til undervisning og 100% oppmøte i rettleiingsgrupper.

2. Ei individuell skriftleg refleksjonsoppgåve knytt til utvikling av eigen yrkeskompetanse gjennom digital kartlegging av tenester for barn og unge i eigen kommune (Omfang; 1000 ord (+/-10%).

3. Framlegg av prosjektplan i form av poster.

Vurderingsform

Oppgåve
I dette emnet skal tverrfaglege grupper på 3-4 studentar planlegge og førebu eit fagutviklingsprosjekt, samt skrive ein prosjektplan med eit omfang på 2500 ord (+/-10%).

Fagutviklingsprosjektet bør om mogleg gjennomførast på arbeidsplassen til ein i gruppa.

Rettleiing
Kvar gruppe får tilbod om tre rettleiingar på prosjektplanen.

Vurderingsuttrykk
Greidd / Ikkje greidd

Ny eksamen
Ved vurderinga Ikkje greidd leverer gruppa bearbeidd prosjektplan til ny vurdering.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemidler tilletne.

Meir om hjelpemiddel