SYKF250 Folkehelse i eit nasjonalt og globalt perspektiv
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet gjev brei kunnskap, ferdigheitar og generell kompetanse i helsefremmande og førebyggande arbeid i eit nasjonalt og globalt folkehelseperspektiv. I tillegg vil emnet bidra til auka innsikt i sentrale omgrep og tema innan global helse, internasjonalisering, FN sine berekraftsmål og menneskerettar. Praksis er ei fordjuping innanfor folkehelsearbeid.
Emnet inneheld følgande tema:
- Helsedeterminantar og sosial ulikskap i helse
- Salutogenese og empowerment
- Helsekompetanse/Health literacy
- Sjukepleiaren sin pedagogiske funksjon
- Nasjonale og internasjonale styringsdokument
- Kultur og helse i eit globalt perspektiv
- Migrasjonshelse
- Kultursensitivitet og kommunikasjon
- Seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk
- Vaksinasjon
- Livsstil og livsstilsendringar
- Førebyggande helsearbeid knytt til barn og unge
- Frivillig arbeid
Emnet kan innehalde "internasjonalisering heime", pediatri, svangerskap og barselomsorg.
Arbeidsomfanget er rekna til 405 timar. 160 av desse timane er knytt til pasient- og brukarretta arbeid på ulike nivå. Dei resterande timane er knytt til obligatoriske læringsaktivitetar og sjølvstudium. Det er krav om 90% oppmøte til pasient og brukarretta arbeid.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Kunnskapar
Studenten…
- har brei kunnskap om sjukepleiaren sin helsefremmande og førebyggande funksjon i eit folkehelseperspektiv
- har kunnskap om relevante undervisnings- og rettleiingsmetodar
- har kunnskap om inkludering, likestilling og ikkje-diskriminering uavhengig av kjønn, etnisitet, religion og livssyn, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder slik at kandidaten kan bidra til likeverdige tenester for alle grupper i samfunnet
- har kunnskap om helse- og sosialpolitikk innanfor fagfeltet folkehelse, inkludert gjeldande myndigheitskrav
- har kunnskap om barn og unge sine behov for tenester i eit folkehelsepersektiv og sikring av deira medverknad og rettigheiter
- har kunnskap om samtale med barn om tema omsorgssvikt, vald og overgrep
- har kunnskap om tverrprofesjonelt samarbeid
- har kunnskap om arbeidsinkluderande tiltak
- har kunnskap om samane sin status som urfolk og om samane sine rettar, særskilt innanfor helse- og sosialfeltet
Ferdigheiter
Studenten…
- kan nytte fagleg kunnskap om helsefremmande og forebyggande tiltak og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid i teoretiske og praktiske problemstillingar, og kan grunngje val i tråd med kunnskapsbasert praksis
- kan nytte kunnskap om kulturkompetanse og kulturforståing i vurdering, planlegging, gjennomføring og evaluering av sjukepleie i eit folkehelseperspektiv
- kan nytte kunnskap om lærings-, mestrings- og endringsprosessar i rettleiing og undervisning i eit folkehelseperspektiv
- kan nytte relasjons-, kommunikasjons- og rettleiingskompetanse i folkehelsearbeid
- kan nytte oppdatert kunnskap om helse- og velferdssystemet, lover, regelverk og rettleiingsdokument i si tenesteutøving innanfor folkehelsearbeid
- kan nytte fagleg kunnskap om helse og sjukdom i folkehelsearbeid for å systematisk observere, vurdere, avgjere, sette i verk og dokumentere hensiktsmessige sjukepleietiltak, samt evaluere effekten av desse og justere ved behov
- kan nytte kunnskap for å sette i verk tiltak som fremmer god psykisk helse
Generell kompetanse
Studenten…
- kan planlegge og gjennomføre eit prosjekt
- kjenner til globale helseutfordringar og sjukepleieutøving i eit internasjonalt perspektiv
- kan formidle og reflektere over faglege, etiske og juridiske problemstillingar, samt justerer eigen praksis i si tenesteutøving
- kan formidle synspunkt og dele erfaringar med andre innanfor fagområdet, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
Krav til forkunnskapar
SYK110, SYK100, SYK130, SYK140, SYK120P
Tilrådde forkunnskapar
SYK200
Undervisnings- og læringsformer
- Førelesingar
- Arbeid i grupper
- Digitale ressursar
- Formidling frå studentar
- Ferdigheitstrening
- Simulering
- Rettleiing
- Medstudentrespons
- Oppgåveløysing
- Skriftleg arbeid
- Sjølvstudium
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før kandidaten kan framstille seg til eksamen:
1: Delta på rettleiing i grupper knytt til prosjektplan/oppgåve
2: Godkjend prosjektskisse på inntil 1000 ord
3: Framlegg av prosjekt, medstudentrespons og rettleiing
Obligatoriske læringsaktivitetar er gyldige i fire semester. Ved fravær fra obligatoriske læringsaktivitetar gjelder samme regler som for fravær i praksis jfr forskrift om studium og eksamen ved HVL.
Vurderingsform
Eksamen består av to delar og begge må vere bestått.
Del 1: 160 timar knytt til pasient - eller brukarretta arbeid. Praksisstudiet vurderast til bestått/ikkje bestått etter ei avsluttande vurdering av kandidaten sin prestasjon i praksisperioden. For å bestå praksis må kandidaten ha nådd læringsutbytta og oppfylt kravet om 90% deltaking i praksis.
Del 2: Prosjektoppgåve, gruppe (eller individuelt), lengde 3500 ord +/- 10%.
Tid og stad for innlevering av prosjektoppgåva blir gitt på Studentweb.
Vurderingsuttrykk: Bestått/ ikkje bestått.
Ny eksamen:
Dersom studenten får ikkje bestått på ein av eksamenane må denne takast opp att.
Ved ikkje bestått vurdering del 1 vil ny praksisperiode gjennomførast saman med neste kull.
Ved ikkje bestått vurdering på del 2 er det høve til å levere forbetra versjon av oppgåva. Ein har då rett på ei rettleiing.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemidler tilletne
Meir om hjelpemiddel