SYKS330P Praksisstudie, Sjukepleie ved psykisk sjukdom/liding
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emne er eit rettleia praksisstudie som omfattar personsentrert sjukepleie til menneske med psykisk sjukdom/liding. Studenten nyttar sjukepleieprosessen i si utøving av sjukepleie med særskilt fokus på helsefremming, førebygging, behandling og rehabilitering i samhandling med pasient, pårørande og anna helsepersonell.
Det vert lagt vekt på tverrfagleg samarbeid, miljøterapeutiske prinsipp, pasienttryggleik, brukarmedverknad og fagleg leiing.
Emnet har i tillegg fokus på følgande tema:
- Dokumentasjon og journalsystem
- Gjeldande myndigheitskrav med særskilt fokus på tvang
- Legemiddelhandtering og -rekning
Emnet sitt arbeidsomfang er rekna til 405 timar. 270 av desse timane er knytt til direkte pasientretta arbeid. Dei resterande timane er knytt til obligatoriske læringsaktivitetar (arbeidskrav) og sjølvstudium.
Det er krav om 90% deltaking i praksis.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Kunnskap:
Studenten…
- har kunnskap om helse- og sosialpolitikk, inkludert gjeldande myndigheitskrav og tvang
Ferdigheiter:
Studenten…
- kan nytte fagleg kunnskap om helse og sjukdom ved psykiske lidingar for å systematisk observere, vurdere, avgjere, sette i verk og dokumentere hensiktsmessige sjukepleietiltak, samt evaluere effekten av desse og justere ved behov
- kan nytte fagleg kunnskap for å initiere og bidra til tverrfagleg, tverrprofesjonell og tverrsektoriell samhandling, for å sikre eit koordinert, heilskapleg og samanhengande behandlingsløp på tvers av verksemder og nivå
- kan vurdere situasjonar som kan utvikle seg truande for pasientar, pårørande og tilsette, og kan sette i verk tiltak for å førebygge slike hendingar
- kan reflektere over og handtere faglege, etiske og juridiske problemstillingar i tråd med gjeldande lover og retningslinjer, samt justere eigen praksis i si tenesteutøving
- kan nytte relasjons-, kommunikasjons- og rettleiingskompetanse i møte med brukarar, pasientar og pårørande
- kan nytte kunnskap om utgreiing, behandling og oppfølging for å understøtte pasienten sitt avgjerdsgrunnlag
- kan nytte oppdatert kunnskap om helse- og velferdssystemet, lover, regelverk og rettleiingsdokument i utøving av sjukepleie
- kan beherske kartleggings-, vurderings-, dokumentasjons- og kommunikasjonsverktøy i utøving av sjukepleie
- kan finne og vurdere risikofaktorar knytt til individ, system og miljø, samt dokumentere, og systematisk følge opp dette og sette i verk relevante tiltak
Generell kompetanse:
Studenten…
- har innsikt i kvalitetsindikatorar og standard terminologi i dokumentasjon av sjukepleie
- har innsikt i utvikling og bruk av teknologi og digitale løysingar på individ- og systemnivå i helsetenesta
- kan planlegge og gjennomføre forsvarleg legemiddelhandtering, medrekna legemiddelrekning, og kvalitetssikrar den enkelte pasient sin legemiddelbruk
- kan planlegge og gjennomføre kommunikasjon og samhandling med pasientar og pårørande basert på respekt, medverknad og integritet
- kan planlegge og gjennomføre målretta samarbeidsprosessar med pasientar/brukarar, pårørande og andre tenesteutøvarar, og kan førebygge og løyse konfliktar
- kan planlegge og gjennomføre tiltak som sikrar trygg overføring av pasientar mellom ulike einingar og nivå i helsetenesta
- kan formidle fagleg kunnskap og relevant resultat frå forskings- og utviklingsarbeid i teoretiske og praktiske problemstillingar både skriftleg og munnleg, og kan grunngje val i tråd med kunnskapsbasert praksis
- kan formidle synspunkt og dele erfaringar med andre innanfor fagområdet både skriftleg og munnleg, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
Krav til forkunnskapar
SYK100, SYK130, SYK140, SYK120P
Tilrådde forkunnskapar
SYK110, SYK200
Undervisnings- og læringsformer
- Arbeid i grupper
- Multimodale ressursar
- Formidling frå studentar
- Ferdigheitstrening
- Simulering
- Rettleiing
- Medstudentrespons
- Eigenvurdering
- Oppgåveløysing
- Skriftleg arbeid
- Sjølvstudium
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent før studenten tar til i direkte pasientretta arbeid:
1: Obligatorisk deltaking i undervisning knytt til praksisførebuing, ferdigheitstrening og simulering. Krav om 90% deltaking.
2: Individuell skriftleg medikamentrekningsprøve (må vere 100% rett) (høyrer til SYK320P eller SYK330P).
Obligatoriske læringsaktivitetar er gyldige i fire semester. Ved fråvær frå obligatoriske læringsaktivitetar gjelder samme regler som for fråvær i praksis jfr forskrift om studium og eksamen ved HVL.
Vurderingsform
Praksisstudie vurderast til bestått/ikkje bestått etter ei avsluttande vurdering av kandidaten sin prestasjon i praksisperioden. For å bestå praksis må kandidaten ha nådd læringsutbytta og oppfylt kravet om 90% deltaking i praksis.
Ny praksis
Vurderast praksis til ikkje bestått vil ny praksisperiode gjennomførast saman med neste kull.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel