Å-KH230 Kunst og handverk 2
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Kunst og handverk 2 bygger på Kunst og handverk 1. Emnet skal bidra til vidareutvikling av kunnskap og ferdigheiter og gi vidare innsikt i faget sin visuelle og materielle kulturforankring, både lokalt, nasjonalt og globalt. Studenten skal i løpet av studiet vidareutvikle eigne praktiske ferdigheiter og få erfaring med og kunnskap om ulike materiale sine ibuande kvalitetar og teknikkar som gir læringsutbytte i tråd med læreplanen for grunnskulen. Skapande arbeidsprosessar på verkstader vert knytt til miljøbevisst bruk av materialar og produksjonsmetodar. Studiet vektlegg utvikling av studenten si evne til å oppfatte og forstå andre sin bodskap og sjølv kunne kommunisere i visuelle og fysiske ytringsformer. Fagdidaktisk refleksjon er integrert i oppgåver, praktisk undervisning, rettleiing og vurdering. Utforskande læringsmåtar og metodar skal bidra til utvikling av studenten sin sjølvstende, analytiske evne og kritiske refleksjon.
Det skal betalast materialavgift på omlag kr 500. Denne dekkar materialkostnader til dei obligatorisk praktiske oppgåvene. Materialutgifter til FOU-oppgåva dekkar studenten sjølv.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om barn og unge sine skapande uttrykk, samt korleis desse bidreg til å danne deira identitet og livsverden
- har kunnskap om relevante analoge og digitale verktøy, ulike materialar, teknikkar og estetiske verkemiddel som eignar seg i begynnaropplæringa og vidare opplæring
- kjenner til hovudretningar innanfor handverk, design, arkitektur og kunst i ulike kulturar til ulike tider
- har teoretisk og erfaringsbasert kunnskap om idéutvikling, relevante forskingsmetodar, vurderings- og presentasjonsformer og om korleis eigne skapande prosesser kan være utgangspunkt for refleksjon og utviklingsarbeid.
Ferdigheiter
Studenten
- kan utnytte materialar sine eigenskapar og kvaliteter på ein bærekraftig måte
- kan formidle, analysere og vurdere design, arkitektur og kunst
- kan anvende digitale og analoge verktøy i visuell kommunikasjon
- kan anvende og vedlikehalde relevante reiskapar og maskinar, og kjenner til rutinar for arbeidsmiljø og sikkerheit på verkstadane (HMS-rutinar)
- kan bruke og forstå fagspråk og kjenner til ny og relevant faglitteratur og forsking
Generell kompetanse
Studenten
- kan legge til rette for formidlingsarbeid og stimulere til praktisk og estetisk arbeid
- har innsikt i fagrelevant forsking, litteratur og gjeldande læreplan for grunnskulen, og kan nytte dette som utgangspunkt for fagleg utviklingsarbeid
- viser engasjement og sjølvutvikling i eit fagleg fellesskap
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Kunst og handverk 1, 30 sp
Undervisnings- og læringsformer
- Førelesingar
- Praktisk arbeid i verkstader
- Sjølvstendig, kunstfagleg og didaktisk FOU-arbeid
- Munnlege og skriftlege oppgåver
- Prosjektarbeid
- Workshop
- Ekskursjonar/studietur
Obligatorisk læringsaktivitet
Tre obligatoriske læringsaktivitetar i form av:
- Godkjent obligatorisk deltaking på oppstart av oppgåver og anna som er spesifisert i semesterplan
- Innlevering av ein arbeidsteikning. Læringsaktiviteten inneber å anvende digitale verktøy som visuell kommunikasjon i planlegging av skapande arbeid.
- Sjølvstendig individuell utforsking av material og teknikk. Øving i å arbeide sjølvstendig med fagleg utviklingsarbeid og dokumentasjon av dette.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjent av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativ arbeidsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar. Nærare retningslinjer for læringsaktivitetane gis ved semesterstart.
Vurderingsform
Del 1: Mappevurdering, tel 75 % av endeleg karakter.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Mappa består av:
- 3 praktiske arbeid som skal presenterast i ei eksamensutstilling
- Prosessdokumentasjon til det praktiske arbeidet, inkludert eit fagdidaktisk refleksjonsnotat på 700 - 1000 ord
Ved ikkje bestått vurderingsmappe, skal det leverast ei omarbeida vurderingsmappe til ny eksamen i påfølgjande semester eller neste gang emnet vert undervist.
Del 2: FoU-oppgåve, tel 25 % av endeleg karakter.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
- Den skriftlege delen skal vere på 2500 - 3000 ord
- Den praktiske delen skal bestå av praktiske utprøvingar og ferdige produkt som skal presenterast i ei eksamensutstilling
Dersom oppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny oppgåve.
Begge delane (del 1 og del 2) må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen takast opp att åleine.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- LU1-KHÅ230 - Kunst og Handverk 2 1-7 - Reduksjon: 30 studiepoeng
- LU2-KHÅ230 - Kunst og Handverk 2 5-10 - Reduksjon: 30 studiepoeng
- LU2-KHÅ215 - Kunst og Handverk 2 5-10 - Reduksjon: 15 studiepoeng
- LU2-KHÅ315 - Kunst og Handverk 2 5-10 - Reduksjon: 15 studiepoeng
- LU2-KH315 - Kunst og Handverk 2a, 5-10. - Reduksjon: 15 studiepoeng
- LU2-KH415 - Kunst og Handverk 2b, 5-10. - Reduksjon: 15 studiepoeng