KAS500 Avansert allmennsjukepleie til pasientar med akutte og kritiske helseproblem
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet har fokus på akutt, kritisk sjuke pasientar i alle aldrar. Etter avslutta emne skal studenten ha avansert kunnskap om fysiologiske særtrekk hjå barn, vaksne og eldre for tidleg å oppdage svikt i vitale funksjonar. Emnet gir kompetanse i vurdering av pasienten sin kliniske tilstand ved hjelp av validerte verktøy og standardisering av observasjonar, skåring og respons. Emnet skal gjere studentane i stand til å sette i verk livreddande fyrstehjelp og førebyggje sjukdomsforverring. Studenten skal få kompetanse i metode for strukturert og sikker kommunikasjon med helsepersonell og med pasient og pårørande, samt om behandlingskjeda i akuttmedisinsk teneste.
Tema for emnet
- Sjukdom og skade i sirkulasjonsystemet, respirasjonsystemet, nervesystemet, det endokrine systemet og i nyrene
- Infeksjonar
- Akuttpsykiatri
- Rus
- Traume
- Farmakologi ved akutt kritisk sjukdom, biverknader og legemiddelinteraksjonar
- Meistringsstrategiar ved akutt kritisk sjukdom
- Tverrfaglig samarbeid/samarbeid i team
- Kliniske undersøkelsesmetoder og standardiserte kartleggings-, vurderings,- og beslutningsverktøy (AHLR, SKUV, NEWS, ISBAR)
- Varsling/kommunikasjon/overgangar i pasientforløpet
- Medisinsk teknisk utstyr/monitorering
- Juridiske rammer, etikk og pasientsikkerheit
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten...
- har inngåande kunnskap om fysiologi, patofysiologi og farmakologi
- har inngåande kunnskap om samanhengen mellom symptom og vitalia hjå barn, vaksne og skrøpelege eldre
- har avansert kunnskap om funksjonstap ved akutt og sub-akutt funksjonssvikt
- har avansert kunnskap om funksjonssvikt, traume og kroppen sin reaksjon på stress
- har avansert kunnskap om alvorleg infeksjon (sepsis), antibiotikabruk og resistensutvikling nasjonalt og internasjonalt
- har avansert kunnskap om legemiddelbruk ved akutt og kritisk sjukdom
- har avansert kunnskap om validerte kliniske kartleggingsverktøy av relevans ved akutt og kritisk sjukdom, inkludert kritisk vurdering av verktøy utvikla i andre land
- har avansert kunnskap om varsling og overgangar i den akuttmedisinske tenesta
- kan anvende kunnskap om medisinteknisk utstyr og monitorering
Ferdigheiter:
Studenten...
- kan kritisk vurdere og bruke kliniske kartleggingsverktøy av relevans ved akutt og kritisk sjukdom, og gjennomføre systematiske undersøkingar for å avkrefte eller oppdage forverring av tilstand (simulering)
- kan tidleg identifisere svikt i vitale funksjonar, inkludert kognitive funksjonar og dokumentere og varsle andre tenester for å sikre nødvendig helsehjelp
- kan analysere etiske utfordringar som involverer pasientar med svikt i vitale funksjonar
- kan formidle og kommunisere faglege problemstillingar ved akutt funksjonstap
Generell kompetanse:
Studenten...
- har innsikt i politiske føring og juridisk regulering i den akuttmedisinske tenesta
- kan gjennomføre samarbeid med pasientar, pårørande og kollegaer i akutte situasjonar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
- Digitale forelesningar
- Undervisning/simulering/ferdigheitstrening på campus
- Seminar med studentframlegg og medstudentrespons
- Gruppearbeid
- Sjølvstudie
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgende obligatoriske læringsaktiviteter må være godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Framlegg av og respons frå medstudentar på pasientcase
- Obligatorisk deltaking (minst 80 %) på samlingar, gruppearbeid, simuleringsøvingar og ferdigheitstrening
- Ferdigheitstest
Godkjende obligatoriske læringsaktvitetar er gyldig i 4 påfølgjande semester.
Vurderingsform
Individuell heimeeksamen, 3 dagar, med eit omfang på 2500 ord +/-10%.
Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.
Ny eksamen:
Ny eksamen gjennomførast på same måte som ordinær eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel.
Meir om hjelpemiddel