PPUY305 Leiing av læreprosessar - leiing av lærings- og utviklingsarbeid i eit individ- og gruppeperspektiv
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet tar utgangspunkt i yrkesfaglæraren sine kjerneoppgåver som klasseleiing, planlegging, gjennomføring og vurdering for, og av læring. Emnet skal bidra til at studentane tileignar seg ei forståing av lærarrollen og yrkesfaglæraren sine oppgåver. Studiet tematiserer elevar si heilskaplege læring og utvikling av danning, ferdigheiter og kunnskapar. Emnet skal legge til rette for at studentane kan utvikle seg til autonome yrkesfaglærarar, som gjennom samhandling med kollegaer kan delta i profesjonsfellesskapet. Emnet skal bidra til at yrkesfaglæraren kan legge til rette for elevane si deltaking på alle område innanfor utdanning, arbeids og samfunnsliv.
Det vert lagt vekt på heilskap og samanheng i studiet gjennom integrering av fag, pedagogisk grunnsyn, pedagogikk, yrkesdidaktikk og praksis. Eit viktig element i gjennomføringa av emnet er å utvikla ei (ut)forskande tilnærming til læring.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har brei kunnskap om fag- og yrkesopplæring, pedagogikk og yrkesdidaktikk, arbeidsmetodar/verktøy og prosessar som er relevante for profesjons- og yrkesutøvinga, og kan vurdere behov for HMS-tiltak
- har kunnskap om skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og det heilskaplege opplæringsløpet frå ungdomstrinnet til avslutta fag- eller yrkesopplæring (8.-13. trinn)
- kan sjå yrkesopplæringa og yrkesutøvinga i eit historisk og kulturelt perspektiv
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke sine yrkesfaglege, pedagogiske, yrkesdidaktiske og teknologiske kunnskapar
- kan identifisere og arbeide systematisk med grunnleggjande ferdigheiter
- kan vurdere og dokumentere elevar si læring og utvikling, gi læringsfokuserte tilbakemeldingar og bidra til at elevane/lærlingane kan reflektera over eiga læring
- beherskar relevante arbeidsprosessar, verktøy, teknikkar og uttrykksformer, og kan reflektere over eiga yrkesutøving og justere denne under rettleiing
Generell kompetanse
Studenten
- har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar og kan formidle sentralt fagstoff på norsk både skriftleg, munnleg og gjennom andre dokumentasjonsformer
- kan via fagleg innsikt, engasjement og formidlingsevne motivere for elevane/lærlingane si læring, yrkesstoltheit og yrkesidentitet
- kan bygge gode relasjonar til elevar/lærlingar og skape konstruktive og inkluderande læringsmiljø
I tillegg legg PPUY ved HVL vekt på følgjande utbytebeskrivingar
- Studenten kan gi faglege, grunngjevne og konstruktive medstudent/fagfellevurderingar
- Studenten kan bruke relevante verktøy i ei utforskande tilnærming til utvikling av eigen praksis
- Studenten kan planleggje, grunngi, gjennomføre, leie, vurdere og dokumentere relevant fag- og yrkesopplæring tilpassa behova til elevane og lærlingane
- Studenten kan sjå yrkesopplæringa og yrkesutøvinga i eit notidig og framtidsperspektiv
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Studiet legg til rette for at studentane sine erfaringar frå skule og arbeidsliv skal danne eit viktig grunnlag i læringsprosessane. Erfaringa til den einskilde vert sett på som ein ressurs i læringsfellesskapet. Undervisnings- og læringsformer er mellom anna førelesingar, gruppearbeid, praksisobservasjonar, problembasert arbeid, prosjektarbeid, erfaringsdeling, prosessorientert oppgåveskriving og rettleiing. Undervisninga vert organiser og støtta av digitale verktøy.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studentane skal gjennomføra og bestå fem obligatoriske læringsaktivitetar i emnet. To av desse skal ha medstudentvurdering.
- Læringsaktivitet om undervisningsplanlegging og pedagogisk grunnsyn
- Læringsaktivitet om observasjon av lærarrolla i praksis.
- Læringsaktivitet om yrkesrelevant og differensiert opplæring.
- Læringsaktivitet om vurdering for læring.
- Læringsaktivitet er obligatorisk oppmøte på samlingar. Det blir lagt opp til studentaktivitet i form av for eksempel gruppearbeid, drøftingar, presentasjonar og øvingar på alle samlingane,
Alle dei obligatoriske læringsaktivitetane må vera godkjent for å kunne ta eksamen i emnet. Dei obligatoriske læringsaktivitetane vert presiserte nærare frå studiestaden.
Vurderingsform
Munnleg eksamen.
Eksamen består av tre samanhengjande aktivitetar i ei eksamensgruppe.
Først ein presentasjon der kandidaten presenterer valt problemstilling og klargjer denne med hjelp av relevant teori, styringsdokument og praksiserfaringar, ca 15 minutt.
Så drøfting i gruppa. Kandidaten deltar i samtale og refleksjon omkring presentasjonen i lag med medstudentar, faglærar og yrkesdidaktikar/ekstern sensor, ca 5 minutt.
Til slutt skal kandidaten stille utdjupande spørsmål til andre kandidatar sine presentasjonar. Kvar kandidat vil få tildelt medstudentar som hen skal vera med å stille utdjupande spørsmål til, ca 5 minutt.
Munnleg eksamen varer slik omlag 30 minutt, men kandidaten skal vere med i eksamensgruppa til alle er ferdige med sine presentasjonar og spørsmålsrundar.
Alle tre aktivitetane må vere bestått for å få karakter i emnet.
Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.
Ny/utsett eksamen: Munnleg eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel