Hopp til innhald

SYKB100 Grunnleggande sjukepleie

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet dannar eit teoretisk grunnlag for kunnskap og forståing for mennesket sine grunnleggande behov og sjukepleiaren sin helsefremmande, førebyggande, behandlande, rehabiliterande og lindrande funksjon, inkludert palliasjon.

Emnet dekker i tillegg følgande tema:

  • sjukepleieprosessen
  • sjukepleiedokumentasjon
  • personsentrert sjukepleie
  • verdiar og omgrep i sjukepleie
  • helse og sjukdom
  • mennesket sine grunnleggande behov (fysiske, psykiske, sosiale og åndelege behov)
  • motivasjon og meistring
  • stress, kriser og sorg
  • hygiene og smittevern
  • aldringsprosessen
  • sjukepleie til personar med kognitiv svikt
  • offentlege dokument og gjeldande lovverk med særskilt fokus på teieplikt og brukarmedverknad

Læringsutbytte

​Ein student med fullført emne skal ha oppnådd følgande læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskap:

Studenten…

  • har brei kunnskap om mennesket sine grunnleggande behov
  • har kunnskap om etisk refleksjon, samt sentrale verdiar og omgrep i sjukepleie
  • har kunnskap om sjukepleiaren sin helsefremmande, førebyggande, behandlande, rehabiliterande og lindrande funksjon, inkludert palliasjon
  • har kunnskap om infeksjonsførebyggande tiltak
  • har kunnskap om aldringsprosessen
  • har kunnskap om personsentrert sjukepleie
  • har kunnskap om kvalitet og pasienttryggleik innanfor pleie- og omsorgstenesta
  • har kunnskap om gjeldande myndighetskrav innafor helse- og sosialfeltet.

Ferdigheiter:

Studenten…

  • kan vise til fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid

Generell kompetanse:

Studenten…

  • kan formidle sentralt fagstoff, problemstillingar og løysingar
  • kjenner til standard terminologi i dokumentasjon av sjukepleie

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

  • Førelesingar
  • Digitale ressursar
  • Arbeid i grupper
  • Formidling frå studentar
  • Ferdigheitstrening
  • Simulering
  • Rettleiing
  • Medstudentrespons
  • Oppgåveløysing
  • Skriftleg arbeid
  • Sjølvstudium

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitet må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • 80 % oppmøte og deltaking i studentaktive læringsformer (seminar, gruppearbeid, framlegg, simulering), omfang kjem fram av timeplan.

Ved fråvær frå obligatoriske læringsaktivitetar gjeld dei same reglane som for gyldig fråvær i praksis, jf. forskrift om studium og eksamen ved HVL.

Vurderingsform

Individuell skriftleg skuleeksamen, 4 timar. Tid og stad for eksamen blir gitt på Studentweb.

Vurderingsuttrykk: Gradert karakterskala A til F, der A til E er bestått karakter og F er ikkje bestått karakter.

Ny eksamen gjennomførast med same form som ordinær eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BSSV1 - Samfunnsvitskaplege perspektiv på grunnleggjande sjukepleie - Reduksjon: 2 studiepoeng
  • SK169 - Grunnleggande sjukepleie og sjukepleie til eldre - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • SYKHB1021 - Sjukepleie ved grunnleggende behov - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • SYKSB1021 - Sjukepleie ved grunnleggende behov - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • BSS1AB - Introduksjon til sjukepleie - Reduksjon: 3,5 studiepoeng
  • BSS2B2 - Fagforståing for sjukepleie i sjukeheim - Reduksjon: 2 studiepoeng